1899248 744729122206614 557465784 o
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Kunstnar Eli Oftedal Sømme har vore på fyrsafari og måla 17 fyr i Rogaland. Utstillinga opna i kafeen på Tungenes fyr søndag 23. mars.

Tekst: Monica Lindanger

– Eg er veldig glad i å måla hus og arkitektur. Men eg er òg glad i kystkulturen. Eg har hatt mange fine turar langs kysten, og då har eg fått så lyst å måla fyra, fortel Oftedal Sømme.

Ho synest arkitekturen på fyra er veldig spanande.

– Dei har mange fellestrekk, men dei er samtidig så ulike, forklarar Oftedal Sømme til fyr.no.

Ho er òg fascinert av fyra som leiestjerner, at dei viser veg i mørket.

– Eg har besøkt fyr over heile Rogaland, frå Røværsholmen i nord til Lille Presteskjær i sør. Vanlegvis bruker eg i akryl og collage i arbeida mine, men her har eg brukt akvarell og teikning. Det er ein teknikk som eignar seg godt for å få fram luft og lys i bilda, fortel Oftedal Sømme.

Ho håper bilda kan vekka interesse hos folk. 

– Dette er jo ei kulturregistrering. Eg veit ikkje om andre som har måla fyra i Rogaland, seier ho.

Bilda er òg laga som postkort og samleplakat.