Helikopter til Svinoy
Helikopter er eneste aktuelle transportmiddel til den spektakulære fyrøya som har spilt slik en viktig rolle for skipstrafikken over Stadhavet.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Miljøverndepartementet opnar for at det igjen kan kome turistar til Svinøy fyr.

Tekst: Monica Lindanger

Det er eventselskapet 62 grader Nord som har disponert bygningane på Svinøya etter at Svinøy fyr vart avfolka i 2005. Øya vart bygd opp som eit eksklusivt og eksotiske reisemål for ei lita, men betalingsvillig målgruppe. Gjestene vart frakta ut med helikopter, og det var snakk om fire til åtte turar i året – inkludert flyging til vedlikehaldsoppdrag, skriv Sunnmørsposten.

Politimeld

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viste til verneforskriftene for naturreservatet frå 2010 og sa at helikoptertrafikk berre kan gjerast i samband med vedlikehaldsarbeid. Saka vart meld til politiet for nesten to år sidan. Politiet la vekk saka, men turisttrafikken vart likevel stoppa og lagt på is.

Kystverket har vore ein pådrivar for å få ei avklaring i spørsmålet, men saka har vorte liggjande i departementa i over eit år. Denne veka kom det omsider svar, og Miljøverndepartementet opnar døra for at det kan bli turisme på Svinøya igjen.

Eventselskapet vil ta opp att tråden

Styreleiar i 62 grader Nord, Knut Flakk, seier at får ein til ein fornuftig avtale om bruk av Svinøya, er dei klare for å sende ny søknad om bruk av Svinøya, som ligg like nord for Stad, langt til havs i Herøy kommune.
– Det er sjølvsagt synd at vi fekk ein stans. Vi hadde lagt mykje ressursar både i å utvikle Svinøya og marknadsføringa, så det var ikkje gunstig. Men det positive no er at vi kan ta opp att tråden.
Flakk seier det no kjem an på kva tid det offentlege vert ferdig med si avklaring om Svinøya.
– Men kanskje kan vi få dei første turistane på plass til første hauststormen?

– Fornuftig bruk

Harald Tronstad, regiondirektør i Kystverket, er også fornøgd med meldinga frå Miljøverndepartementet.
– Departementet har forstått det fornuftige i etterbruk av desse kulturminna, og i samarbeid med 62 grader Nord kan ein no bevare kulturminnet på Svinøya.

Ulf Lucasen, konstituert assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, seier til Sunnmørsposten at dei treng ei nærare avklaring og vil ta kontakt med departementet. Dei ønskjer ei presisering og klar beskjed om kva som no er forventa av dei.