Runde fyr. Foto: Chell Hill, CC BY-SA 3.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Førre veke fekk Kystverket dispensasjon til å starte utvendig oppussing av Runde fyrstasjon. Dermed kan fyret framstå som ein stolt 250-åring.

Dei fire eldste husa som framleis står er frå 1826. Her har Kystverket i fleire år sett behov for utvendig vedlikehald, som omlegging av tak, reparasjon av roteskadar og restaurering av vindauge og utvendige dører. No er dispensasjonen endeleg på plass, skriv Sunnmørsposten.
– Behovet er ikkje akutt. Men vi er veldig glade for at Kystverket vil at det skal sjå fint ut til 250-årsjubileet, seier Oddbjørg Remøy.
Ho er med i ei gruppe som ser etter at alt er i orden med husa.

Nasjonsbygging

Med sine snart 250 år er Runde fyr eldre enn Grunnlova. Regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket meiner bestemt at fyra langs kysten var viktige i nasjonsbygginga.
– Infrastrukturen langs kysten, med transport av varer, var avgjerande for at Noreg etter kvart kunne bli sjølvstendig. Fyra opna for nattseglas og gjorde transporten meir effektiv, seier Tronstad.
Han håper at fleire av dei gamle steinhusa skal kunne takast aktivt i bruk.
– Derfor har vi eit fromt ønske om at både Kystverket sentralt og Stortinget vil løyve meir pengar til fyrvedlikehald, seier regiondirektør Tronstad.

Raus gåve

Men ein ting er klart. Stova i den eldste fyrfyrmeisterbustaden skal pussast opp. For nokre år sidan fekk Runde fyr ei testamentarisk gåve på 360.000 kroner frå Paula Marie Steinnes, som vaks opp på Steinnes i Ørsta.
– Marie Steinnes hadde ikkje noka tilknyting til Runde fyr, men ho var eit samfunnsengasjert menneske, og ho ville at pengane skulle brukast på Runde fyr til nytte for ålmenta, seier Oddbjørg Remøy til smp.no.
– Den gamle stova har stått unytta i mange tiår. Den har vi planar om å setje i stand for denne gåva. I framtida vil stova forhåpentlegvis vere til glede for mange besøkjande, seier regiondirektør Tronstad i Kystverket.