Sjøtransporten er livlina, skriver kystdirektør Einar Vik Arset i denne artikkelen. Foto: Norsk Fyrforening

Alle vegar fører til rom sjø. Den norske sjøvegen må kunne forsyne sivilsamfunn og forsvar i både Noreg og Norden. I ei tid der tryggleikssituasjonen i Europa er skjerpa, er det tydelegare enn nokon gong at sjøtransporten er ein fundamental del av infrastrukturen som held landet oppe. Det gjeld i fredstid, i kriser og om det verste skulle skje.

Av Kystdirektør Einar Vik Arset

ATO-øvinga Cold Response har illustrert kor viktig sjøtransporten vil vere for Forsvaret og allierte styrkar ved krig i Norden: Tungt materiell og andre militære forsyningar som skal langt, må i hovudsak gå sjøvegen. Det same kan gjelde transport av flyktningar. Slik spelar sjøtransporten ei nøkkelrolle i totalforsvaret.

Minst like avgjerande er sjøtransporten for den sivile forsyningssikkerheita – og dermed for totalberedskapen. Sjøtransporten dominerer forsyningane til Noreg, slik Forsvarets forskings­institutt nyleg konstaterte i ein rapport.

Gode naboer

Svenskane og finnane er like avhengige av import sjøvegen som det vi er. Dersom trafikken i Austersjøen blir alvorleg hindra, vil mykje av varestraumane deira måtte gå til norske hamner. Det er noko av grunnen til at samarbeidet om beredskap i transportsystema er trappa opp over landegrensene.

No legg Noreg, Sverige, Finland, Danmark og Island saman planar for å handtere situasjonar der kritiske transportårer fell bort. Kystverket tar del i dette arbeidet med kunnskap om trafikken i norske kyst- og havområde, farleier og hamner.

Eit robust maritimt transportsystem styrkar motstandskrafta vår i ei uroleg tid. skriver kystdirektør Einar Vik Arset. Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket

Sjøtransporten i områda våre er dessutan avgjerande for norsk eksport av varer andre land treng. Store delar av det vi sender ut sjøvegen, er strategisk viktige produkt for allierte land: olje, metall, kjemiske produkt og sjømat, for å nemne noko.

Livline

For at sjøtransporten skal halde som livline for oss og andre, må han utgjere eit motstandsdyktig og samanhengande system. Dette transport­systemet omfattar farleiene, flåten, hamnene og ­overgangane til veg og bane.

Flåten som fraktar varene er ein sentral del av transportsystemet. Det gjeld ikkje berre import og eksport: Nær halvparten av godstrafikken internt i Noreg skjer med båt. Der skred og ulykker kan stenge veg og bane i lang tid, er transporten på kjøl fleksibel: Varer som skulle gått på land, kan flyttast over på sjø.

Slik gir sjøvegen Noreg motstandskraft.

Også hamnene er med på å gjere transport­systemet fleksibelt. Skulle ei hamn bli utilgjengeleg, kan ofte ei anna brukast. Noreg har ein ­desentralisert hamne­­struktur med mange eigarar. Det fungerer godt i fredstid, men vil krevje samordning i kriser og krig. Då kan behovet for hamnene auke brått, samtidig som dei kan vere under angrep.

Sjøtransporten er robust

Og sjølv om ei hamn fungerer, kan vareflyten stoppe dersom vegar eller jernbanelinjer i baklandet er sette ut av spel.

Sjøtransporten er robust, men kan ikkje takast for gitt. I situasjonar med sterkt press på transport­systemet kan det bli nødvendig å koordinere og prioritere transporten til og frå hamnene.

Dei kritiske varene sivilsamfunnet og Forsvaret treng mest, må fram først.

Koordinering og prioritering av sjøtransporten føreset god oversikt over trafikk, kapasitet, ­flaskehalsar og alternativ i heile transportkjeda: frå farlei til hamn, veg, bane og luft.

Kystverket forvaltar nøkkelfunksjonar i den maritime infrastrukturen. I den nye verksemds­strategien vår slår vi fast at tenestene og infrastrukturen vi driftar skal bidra til å halde oppe samfunnskritisk forsyning.

Det gir klar retning for arbeidet vårt med farlei­utvikling, navigasjonstenester, trafikkovervaking, losing, maritim sikring og beredskap.

Status 2026

Dette gir eit samla og heilskapleg bilde av korleis vi arbeider for å styrke sjøtransporten – både som samfunnsfunksjon og som del av totalberedskapen.

Med ein skiftande og skjerpa tryggleiks­politisk situasjon er det ekstra viktig å forstå både ­sårbarheiter og styrkar i det maritime transport­systemet. Status 2026 (som du finn på Kystverket sine nettsider) gir ny innsikt i utviklingstrekk, utfordringar og tiltak som kan styrke sjøvegen både i fred og krisetider.