skalmen 1
Ingen saknar lyset frå Skalmen fyr. (Foto: Nils Arve Lie)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Etter å ha vore sløkt sidan 2008, vart Skalmen fyr på Nordmøre nyleg offisielt nedlagt. – Det var ikkje behov for fyrlykta lenger, fortel overingeniør Martinus Valderhaug Sæther i Kystverket Midt-Noreg.

Skalmen fyr vart avbemanna i 2002. I 2008 vart fyret sløkt midlartidig for å sjå korleis det fungerte, før sløkkinga gjekk ut på høyring. Reaksjonane lét venta på seg, og nyleg vart fyret nedlagt for godt.
– Det er ingen som har merka at fyret var sløkt. Det er andre lykter som dekker det same området. Eg har ikkje høyrt nokon ønske om at det bør tennast igjen, fortel Valderhaug Sæther.
Nils Arve Lie har inngått leigeavtale med Kystverket om vedlikehald av fyret. Han saknar heller ikkje lys i fyrlykta.
– Det er ikkje noko problem at lyset er sløkt. Haugjegla fyr ligg like ved og lyser greitt opp i området, seier han til fyr.no.
Han ser for seg at det på sikt blir stifta ei venneforeining for fyret, men førebels er det han og kona Margareth som har tatt ansvar for vedlikehaldet.
På grunn av vanskelege landingsforhold trur han ikkje det vil bli tilrettelagt for overnatting på fyret, men fortel at han tar sikte på å ta med seg små grupper ut på fyret etter kvart.
– Tanken er å vera oppsynsmann og kanskje ta med skuleklassar ut på fyret og fortelja om historia, fortel Lie.