Ytterøyane roger bareksen
Ytterøyane fyrstasjon ligger på en øy nordvest for Kinn i Vestland fylke. Foto: Roger Bareksten
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ærverdige Ytterøyane fyr vart automatisert i 2004, og sidan har fyret forfalle. No håper fyrets siste fyrmeister at nokon ser verdien av å ta fyret i bruk.

Fyret ligg som ein siste utpost mot Nordsjøen og er tydeleg merkt av naturens ubønnhøyrlege krefter. Brede Gjøringbø var den siste fyrmeister ved Ytterøyane fyr før det vart automatisert. Han arbeider i dag i Kystverket og har mellom anna ansvaret for det årlege tilsynet av fyret.

– Trist

Den tidlegare fyrmeisteren synest det er trist å sjå tilstanden til hans tidlegare arbeidsplass.
– Det er veldig trist å sjå Ytterøyane fyr slik som det står fram i dag, seier Gjøringbø til Firdaposten.
Vedlikehaldsoppgåvene til Kystverket er utfordrande; det er så mykje som skulle vore gjort, men ressursane strekk ikkje til.
– Slik det er i dag, så skal alle fyr og anlegg med lys i ha eit årleg tilsyn. Det blir laga rapporter om feil og manglar, så søker ein om pengar til å reparere dei. Midlane blir tekne frå ein felles pott, så det er ikkje alltid ein får det ein søker om, fortel han.

Ilandstigingsforbod

Gjøringbø seier det er vanskeleg å få leigetakarar til Ytterøyane av fleire årsaker.
– Ytterøyane er eit fuglereservat, så i hekketida frå april til juli er det ilandstigningsforbod. Så det blir vanskelegare å få leigd ut fyret, når ein ikkje får gå i land der i den finaste tida. Så må ein helst ha ein skikkeleg båt som er eigna til å ferdast der, fortel han.
– Eg håper at nokon klarar å få tatt det i bruk, slik at det ikkje forfell endå meir. Det verste er når det står tomt. Då forfell det enda fortare. I mi tid hadde vi dispensasjon til å vere i land under hekketida og det er kanskje mogleg å få på plass no òg, avsluttar han.