Høgevarde

”Enestående i norsk fyrsammenheng”
HØGEVARDE FYRSTASJON

På ein odde eit stykke oppe i Karmsundet og litt sør for den smalaste delen av dette viktige stykket av norskeleia, ligg eit vakkert, kvitmåla bygg med eit rundt tårn i gavlen mot sjøen. Dette er Høgevarde fyr, eller ”Høgevaradn fyr”som dei gamle sa.
Me skal sjå litt nærare på når og korleis dette fyret blei oppretta og kvifor det hamna  nett her ved Karmsundet.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter sagnet starta det heile ganske dramatisk: ”i 1700 styrte et Skib under Storm og svær Sjø ind mod Stavanger” fortel Hedvig Rosing i ”Folkevennen” i 1876. Situasjonen var dramatisk, sjøen braut overalt inne i skjærgarden ved Kvitsøy. I mørkret fanst det ingen haldepunkt for trygg segling og havari og undergang var absolutt  ein mogeleg utgang på seilasen. Om bord var den unge skåningen Henrich Petersen Ystad.  Han slo seg ned i Stavanger noko før 1690 og slo seg fram som skipper og skipsreder. I 1696 løyste han òg borgarskap i Bergen. Og i 1698 sto han i brodden for eit nederlandsk kolbrenneri i Stavanger.

Nå var han altså i livsfare ved Kvitsøy. Og i dødsangst hadde han bedt Vår Herre om berging og lova at han som vederlag for redningen skulle oppretta fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Han blei også berga og lot sidan reisa fyr på Kvitsøy  ”.. og desforuden ved Indløbet til Bergens Led kaldet Høie-Wardene til Kjendetegn for søfarende Folk en stor Sø-løgt”. 

Kva som er historisk i denne segna, er vanskeleg å avgjera. Slike segner om korleis noko er blitt til – t.d. kyrkjeklokker – har me mange av langs kysten.

Reint historisk veit me at Noreg var seint ute med omsyn til å bruka lys til å visa kvar landet låg. Ute i Europa fanst fyr heilt sidan antikken. Mest kjende var dei enorme fyra på Faros ved Alexandria i Egypt og kolossen på Rhodos i Hellas. I Noreg skal dei aller fyrste forløparane for kystfyr vore enkle bål på svaberga som kvinner og born elda opp når mannfolka var venta heim frå vikingferd. Også frå tidlegare nyare høyrer me om at borgarane i Halden laga bål for å lysa veg når fartøya deira var venta heim. Men elles laut det meste av seilasen langs kysten skje i dagslys med vardar som viktige hjelparar å navigera etter.

Men etter som skipstrafikken blei stadig tyngre og meir omfattande utover 1600-talet, melde trongen seg til å sikra ferdsla også nattestid. Det aller fyrste fyret blei oppretta på Lindesnes i 1655. Det var i drift eitt års tid til kongen kravde det nedlagt etter klager mellom anna frå nederlandske fartøy og klager dels over veikt lys, dels over at det kunne forvekslast med fyret på Skagen i Danmark.

Sidan dukka det neste fyret opp på Færder i 1697 og som det fyrste i kontinuerleg drift. Men den aller største byen i landet var Bergen – større enn alle dei andre til saman. Den aller største skipsfartsaktiviteten fanst difor langs vestlandskysten. Mest trong var det difor fyrst til å finna inn under land når ein kom frå dei sørlege delane av Nordsjøen, dinest å finna inn i leia vidare.

Fram mot 1700 var det særleg hollendarane som trafikkerte denne delen av norskekysten. Forlisa var årvisse og førde til store tap. Sikring av leia nord til Bergen blei difor mykje drøfta når skiprane heldt seg i Amsterdam, eit miljø også Henrich Petersen vanka i. Og dette miljøet ba Henrich om å ta initiativet til fyret på Kvitsøy og ei fyrlykt på Høgevarde.

Også det danske admiralitetet tykte desse fyra kunne vera nyttige samstundes som mange av dei køpenhavnske handelsmennene hadde hatt store tap nett her. Endeleg støtta Københavns skipperlaug Petersen i strevet for å få oppretta fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet.

Tida var inne for Henrich Petersen å forma søknaden til kongen. Dei to fyra skulle vera tende sju månadar i året frå 20. august. Som vederlag skulle Henrich få fire skillingar av kvar lest av alle skip som drog framom fyra ned destinasjon Bergen, Stavanger eller Trondheim. Ei lest svara til 1,7 kubikkmeter og eit ”normalt” skip kunne vera på 50 – 100 lestar. Såleis var ei avgift på 2-3 dalarar vanleg for eit middels skip, om lag ei månadsløn for ein vanleg leigearbeidar i dei dagar.

27.april 1700 fekk Henrich kongeleg løyve til å driva dei to fyra privat. Han fekk rett til ”at lade opbygge og indrette en stor Søløgt” på garden Håvik på Karmøy. Tollarane skulle krevja avgifta og rettane skulle gå i arv så lenge han og etterkomarane dreiv fyra på forsvarleg vis. 20.august 1700 blei så Høgevarde fyr tent for fyrste gongen som – saman med Kvitsøy - det andre fyret i landet.

Det var enkle greier. Framleis i 1773 heiter det at Høgevarde lykt var ei mest 13 meter høg mast der sjølve lykta blei heist om lag halvvegs opp ved hjelp av tauverk og taljer. Lykta var oval, av koppar og inneheldt tri talgelys. Men rutene var for små og veikene for tynne til å gje godt lys. Det tok eitt til to minuttar å heise henne i posisjon etter at talgelysa var skifta. Masta sto elles snautt ni meter ovanom sjøen og 33 meter frå Gabrielsens hus.

Dei fyrste åra for dei nye fyra blei elles ikkje uproblematiske. Alt sommaren 1700 drog bergensborgarar til København og kongen med krav om at dei to fyra laut rivast att. Då denne fyrste klagen ikkje fekk verknad, gjentok dei søknaden om at fyra laut sløkkast året etter. Bergensarane meinte skipsfarten ikkje hadde noka som helst interesse av fyra, helst var dei til hinder. Såleis skulle skip med destinasjon for Trondheim eller Finnmark betala fyravgift til Høgevarde sjølv om dei ikkje var i nærleik av fyret.

Den eigentlege årsaka til motviljen var helst at fyra skulle leia trafikken til Stavanger og lasteplassane i Karmsundet utan å gå rett til Bergen. I klagen blei det streka under at begge fyra låg utanfor Stavanger. Og dei skulle halda Henrich Pettersen heilt skadeslaus i høve til kostnadane han hadde hatt med fyra.

Denne gongen gav kongen etter. På dagen to år etter løyvet, gav han ordre om at både Høyevarde og Kvitsøy fyr skulle rivast att. Men sterke krefter protesterte straks – me anar hollendarar og københavnsk borgarskap i kulissene. Og på vårtinget for Hesby og Karmsund i mars 1703 las skrivaren opp ei kunngjering om at både Høgevarde og Kvitsøy fyr skulle reisast att. Og same hausten blafra det på ny i den svake fyrlykta på Høgevarde.

Nokon økonomisk suksess blei ikkje fyrhaldet for Henrich. Ikkje minst kosta det å halda mannskap ved fyra. Til arvinganes store irritasjon etterlet han seg i 1731 ei gjeld på 1100 dalarar, eit resultat av at ”han havde sat sin betydelige erhvervede Formue overstyr ved Oprettelsen af Fyrene”. Som eit slag vederlag og utan å vera adla, tok etterkomarane etternamnet ”Petersen von Fyhren”. Mellom andre stavangerborgarar var det ein del irritasjon over tilsnikelsen.

Lykta på Høgevarde var svakt. Ein dansk kaptein klaga utpå 1700-talet at lykta var godt plassert, men hadde eit alt for veikt lys. Heller burde ho skiftast ut med ein tranoljelampe. Eigaren blei bedt om å gjera forbetringar, men utan at noko skjedde. I 1799 sendte styresmaktene for eigen rekning opp ei slik lykt blei sendt opp frå København, bare for å bli avvist av fyreigaren som meinte ho blei for dyr i drift. Han hadde ikkje råd til større utgifter enn før.

Men ein ny eigar som tok over i 1802 gjorde forbetringar. På ein steinmur sette han opp eit lite tretårn og med ei mast i midten som lykta kunne heisast opp i. Ho hadde nå 30 store og klare ruter og var innretta med tri talglys. På den mørke sida var det sett opp tri messingplater som skulle forsterka glansen.

Men framleis var lykta ”som en mat Stierne endog naar man ser den ganske nær”. Difor kom det jamnt klager frå seglande i Karmsundet over det ringe og stundom fråverande lyset i fyret.

Men tida var komen for statleg overtaking av fyrstasjonane, og i 1815 var det Høyevarde sin tur. I 1819 skifta staten ut talgelysa med ei ny lykt med tranoljelampe og med ei ny mast omgitt av plankeverk. Men skikkeleg lys blei det ikkje før det blei installert eit såkalla sideralapparat i 1839. Det sto heilt til det blei sett inn eit moderne linseapparat av 6. orden – det minste som var å få -  i 1876.

Den fyrste fyrvaktaren på Høgevarde – J. Christoffersen - tente frå 1839 til han døydde i 1851. Sidan sto enka for fyrdrifta eit par år, ho hadde ein fyrkar til å hjelpa seg. Men anlegget var ringt, og det blei klaga jamnt. Dessutan trongst det fyrvaktarbustad. I ein rapport heitte det at dei to mastene som heldt lykta var rotne og taket på fyrhuset var rote og utett. Det trongst nye bygg og betre lykt.

I 1858 blei bygget som framleis står, reist i murstein. Det fekk 30 kvadratmeter flat og med eit 12,5 meter høgt tårn mot sjøen. Men regnet slo gjennom veggane, og alt året etter laut det til bordkledning både på tårn og hus. I 1891 blei det sett inn ei endå større lykt som nådde 13,5 nautiske mil sørover Karmsundet og åtte nautisk mil nordover. Men då gjekk det mot slutten på Høgevarde som aktiv fyrstasjon. I 1902 blei han lagt ned og erstatta av to fyrlykter i nærleiken.

I 1905 kjøpte kystlos Beier bygningane på auksjon og bruka fyrhuset sidan i ein periode som losstasjon. Elles fanst tollstasjon på Høgevarde frå kring 1800 til i 1927.

Norsk Hydro kjøpte området i 1963 og lova samstundes å ta vare på fyrstasjonen. Dei tidlegare eigarane flytta ut og let att tomme lokaler etter seg som dels blei bruka av bedriftsidrettslaget.

Dette blei det forandring på i 1975. Då ynskte konsernet skikkeleg rehabilitering av dei verneverdige bygningane. Stavanger-arkitekten Louis Kloster fekk oppdraget, og han assisterte seg med museumsstyrar Carl Egil Buch ved Karmsund Folkemuseum – som det heitte seinare – og Hydro-konsulent Wenche Koren.

I 1976/77 var dei ferdige og kunne presentera eit Høgevarde i pakt med stilen sist på 1800-talet. Det fekk overnattingsfasilitetar for seks-åtte personar og fungerer i dag stort sett som representasjonsbustad for konsernet.

Bygget er i dag freda i den nasjonale verneplanen for fyr der det heiter at: ”Høgevarde fyrstasjon har som en av landets eldste fyrstasjoner stor aldersverdi. Eksteriøret har høy grad av opprinnelighet. Stasjonen har stor miljøskapende betydning i området”.
Eit verdfullt stykke kystkultur er berga for ettertida.

av Birger Lindanger, desember 2010



 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 139 gjester og ingen medlemmer på besøk.