Stas med utstilling på Alnes
Her deler vi talen som den nye kystdirektøren, Einar Vik Arset, heldt for Dronninga og dei frammøtte då utstillinga med Dronninga sine eigne bilde vart opna 23. juni på Alnes fyr og Opplevingssenter:
«Deres kongelige høyhet Dronning Sonja, kjære alle sammen.
Eg ligg der og ser,
over det grøne teppet ved foten av fjell,
sommarblomar og løvetann «på tå»,
landet og havet det blå.
Frå eit anna verdshjørne seglar ei skute – der ute,
det er i rute. Ein raud kajakk lyser opp
fjøra, han sig langs landet med åra.
Hans rute er berre å vere ute.
Ja, Alnes – med tårnet som visar for farande på sjø er nok sjølve illustrasjonen på overleving og vekst her ute – ført over i ei ny tid, men tufta på fiskarbonden si kraft. Denne staden der land og hav møtest, der fjell stig opp av havet – og der sola tidvis speglar havet er ein stad med sterke fargar. Det gir på eit vis rom for store – eller iallfall sakte – tankar
På 1990-talet vart fyrstasjonar langs kysten omorganisert og etterbruken av desse vart, og er framleis ei utfordring. Med god hjelp og støtte fra Ørnulf Opdahl, Sidsel Colbiørnsen og eldsjelene på Alnes fekk lokale krefter hand om bygningane rundt fyrtårnet. Det såkalla SAM-prosjektet i regi av Miljøverndepartementet gjorde dette muleg. Her på Alnes var folk framsynte og tidleg ute – og Stiftinga Alnes fyr vart etablert.
SAM-prosjektets mål var å samordne private og offentlege ressursar for å sikre optimal ressursutnytting, eller på godt sunnmørsk, få meir for pengane. Kystverket beholdt sjølve fyrtårnet som framleis skulle vise retning for dei seglande, men bygningane rundt fekk ei ny rolle.
Stiftinga Alnes fyr, med sine eldsjeler, gav aldri opp sitt prosjekt om å gjere Alnes fyr tilgjengeleg for gjester og lokalbefolkning. Det strøymde folk til det gamle fyret og antal besøkande og slitasjen på bygningsmassen gjorde at ein måtte tenke nytt:
Kva med eit «opplevingssenter» for kunst og kultur,
eller bare et sted å stikke innom når man er på tur.
I fjøra eller på fjellet, eller berre i Godøyas vakre natur?
Kanskje også ein stad for kunnskap og inspirasjon,
med moderne teknologi og innovasjon?
I oktober 2016 foretok Hennes kongelige høyhet Dronning Sonja den offisielle opninga av Opplevingssenteret, som frå den hausten kom i heilårsdrift. Dronninga fortalde då om sine mange besøk på Godøya, på fjellet og på Alnes. Ho kjenner staden, folket, fjellet og naturen. Opningsutstillinga var av Sissel Colbiørnsen og Ørnulf Opdahl, to kunstner-«kollegaer» som Dronninga har god kontakt med.
Etter denne utstillinga har det vorte fleire. Både kjende og mindre kjende kunstnarar har stilt ut her, alt fra dei to nemnde til verk utført av elevar ved Godøy skule. Her er det også allsang- og sjømatkvelder, konferansearrangement, bryllaup, barnedåp og konfirmasjonar.
Heldigvis har ikkje skapartrong nokon pensjonsalder for mange av våre kunstnarar. I dag og i tida framover er det Dronning Sonja som ved å stille ut sin kunst deler sin skaparevne og kreativitet. Vi er godt kjende med at Dronninga har hatt samarbeidsprosjekt med fleire av Norges store kunstnarar – men i dag leverer ho eigne arbeid. Dronninga har stilt ut sin kunst både i inn- og utland før, men no altså her!
Ettersom Kystverket er engasjert i Alnes Fyr og Opplevingssenter, er det ei glede for både Stiftinga og Kystverket at Dronninga takka ja til invitasjonen om å vise fram sin kunst her på Alnes.
Det er ei stor glede for meg, fersk kystdirektør, å få æra av å opne kunstutstillinga. No og i tida framover er det også høgsesong for besøkande på Alnes. Håpet er derfor at besøkende fra alle verdensdeler får oppleve Alnes og besøke Dronningas kunstutstilling framover.»
Einar Vik Arset, kystdirektør
Utstillinga vil stå fram til 25. august i hallen på Opplevingssenteret.