Kultursesongen starter på Ryvarden
Sundag 7. mars kan ein på Ryvarden fyr (Sveio, Hordaland) få vere til stades på ein konsert med klassisk musikk, spela av unge musikarar. Galleri- og kafésesongen 2010 står også for døra.
Konserten 7. mars er i hovudsak retta mot barn og unge, og er basert på Sergei Prokofievs "Peter og ulven". Konsertane (2) er i samarbeid med lokalt dukketeater og forteljaren Ole Reistad. Aktørane fokuserer på ein intim atmosfære og nærhet, og skal på Ryvarden gjere konsertane til heilt spesielle familiearrangement.
I år startar ein opp med å opne ny kunstutstilling med eit spennande arrangement lørdag 13. mars. Førstemann ut denne sesongen er Olaf Storø, som til denne utstillinga har samarbeid med forfattaren Anne B. Ragde.
Meir informasjon og program for opninga av utstillinga på nettstaden til Ryvarden Kulturfyr (www.ryvarden.no).