FYRET PÅ FEISTEINEN – EIN PILOT I SØRVEST
I samband med arbeidet med forvaltningsplanar for dei freda fyrstasjonane har Kystverket vald ut éin stasjon i kvar av Kystverkets regionar til ”pilot”-stasjon. Innanfor Kystverket Vest, med hovudkontor i Haugesund, er det fyret på Feisteinen (Klepp kommune, Rogaland) som skal vere piloten. Feisteinen vert såleis truleg det første fyret i dette området med eigen forvaltningsplan.
Feisteinen fyr ligg på ei lita, naken øy (nærast holme) ca to kilometer ut frå hamna på Sele på Jæren. Øya er den einaste i Klepp kommune. Feisteinen er kjend for sterke straumar og vanskelege landingstilhøve. Men er ein først komen i land, får ein ei oppleving av sterk natur ein seint vil gløyme. Det er overnattingstilbod i hovudhuset til 15-20 personar. Det er planar om å arrangere familiedagar i 2010 der ein får møte folk som vil fortelje om oppveksten på fyret.
På dagen 150 år etter at det kom lys i fyret første gong, som var den 10. november 1859, inviterte Klepp kommune på Jæren på slutten av Kulturminneåret 2009 til feiring av fyret. Ordføraren ynskte velkommen alle dei inviterte gjestane. Fleire av dei hadde arbeidd eller vakse opp på fyret. Det var talar, blomster og gåver, og korsong og sogeforteljing.