alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

I påska var det sesongopning på Ulla fyr med nyoppussa stover, gang og kjøkken. Det var rekord på oppmøte, første påskedag var det mellom 160 og 180 gjestar innom for å kjøpe seg kaffi og vaflar, og for å sjå korleis det hadde blitt. Alle meinte det hadde blitt fint, og at tilbakeføring til opprinnelege fargar på veggane var vellukka. Det var også kunstutstilling med akvarellar av Margit Haram, kunstnar med lokal tilknyting, som også var glad for det store oppmøtet.