ENNO EIN DAG FOR FEIRING AV FYR!
Kulturminnedagen 2010 er søndag 12. september. Årets tema er ”Nytt liv i gamle minne”!
Kulturminnedagen skal bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø. Arrangementa skal vise mangfaldet i kulturarven vår: historiske monument, verneverdige bygningar, gjenstandar, bygningsmiljø, kulturlandskap og handverk.
Kulturminnedagen er ein del av dei europeiske kulturminnedagane som vert arrangert over heile Europa kvar haust i september. På initiativ av Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet blei Noreg med i 1993. Sidan 1996 har Noreg delteke kvart år. Ein nasjonal komité har ansvar for markeringa i Noreg. Den er oppnemnd av Miljøverndepartementet og sett saman av representantar frå Norges museumsforbund, ABM-utvikling, Riksantikvaren og Norges kulturvernforbund.
Med årets tema ønsker nasjonalkomitéen å setje fokus på alt som vert brukt på ein ny eller annan måte enn det opphavlege.
Alle kulturhistorisk interesserte lag, foreininger og kommunar er inviterte til å vere med og markere dagen – i ei felles satsing for å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø.
Dei som lagar eit program og melder inn sitt arrangement innan fristen 15. juni, deltek i konkurransen om Kulturminnedagens pris. Den er på kr. 30.000 og går til det arrangementet som best presenterer årets tema i sitt program for dagen.
Les meir på www.Kulturminnedagen.no