FOTOKONKURRANSE – FYRBILDE TIL FRAMSIDA
Tida er inne for å skifte ut det flotte vinterbildet av Ryvingen på framsida til fyr.no med eit meir vårleg fyrlandskap – eller kanskje eit uvanleg fyrbilde? I staden for å gå i bildesamlinga til NFHF inviterer vi denne gongen alle fyrvener til å sende inn sitt beste fyrbilde, eller bilde av ”sitt” fyr.
Planen er å ha den nye framsida klar til Landsmøtet 26. mars. Vi set derfor fristen for innsending (av digitalt bilde, til info@fyr.no) til 22. mars. I tillegg til gleda over å få vise fram eit godt bilde vil vinnaren få ei flott T-skjorte med NFHF-logoen.
Dette bildet viser ein bolt, den einaste synlege resten av fyrlyset (fyrgryta?) på toppen av Meløya, Øksnes i Vesterålen. Fotografen er Nina Ellingsve. I lang tid har ein rekna Villa fyr (1839) i Nord-Trøndelag som det første offentlege fyret som vart oppretta nord for Trondheimsfjorden. I eit dokument frå 1804 nemnest ein fyrpassar frå Meløya, og dette kan vere prov på at fyrhistoria i Nord-Noreg er eldre enn ein har trudd.