Manndreparvind
I dag leikar folk med vinden på Neset. I går leika stormen med fyrfolka og truga dei på bare livet.
På Feistein sende han bårene over naustet og henta fyrmeistar og tenestejente til ei våt grav. På Flatholmen såg jentene stormen gjera ende på far og bror, slik han gjorde slutt på mangt eit fyrvaktarliv.
Stundom la stormen seg kring fyra i vekevis og braut all kontakt med omverda. Då hjelpte det lite å heisa det svarte flagget for å signalisera sjukdom og naud. Vinden kunne jaga frodande sjøar på land for å ramponera bygningar og trekkja dei med seg til havs. Andre tider slengde stormen folk i berget så dei brakk både armar og bein.
På Torbjørnskjær fyr fann fyrvaktarfrua ein dag levande sild på kjøkkengolvet og vindauga knust, på Lindesnes plukka dei sei i hagen, på Åsvær fyr piska stormen nyttårsnatta 1917 sjøen gjennom plankelemmar, 25 millimeter glasrute for å slå fyrvaktarkona i svime på kjøkkenet. På eit anna fyr dreiv vinden sjøen gjennom kjøkkenglaset og vaska mor og dotter ut i gangen: Det var manndreparvind!
Av Birger Lindanger
Sjå den flotte videoen om vêret på Lindesnes fyr her.