NYTT LIV I FYRET PÅ FLÅVÆR?
Fredag 5. mars var det synfaring på Flåvær fyr (Herøy kommune, Møre og Romsdal). Med på turen var representantar frå Herøy kommune med ordføraren i spissen, Kystverket, Herøy kystmuseum og Dalsfjord Fyrmuseum.
Målet med synfaringa var å få sett på fyrstasjonen saman. Kystverket vurderer utleige av fyret til ein seriøs instans, med Herøy kystmuseum eller ei veneforeining som drivar. Herøy kommune står fram som støttespelar, og ynskjer breidde i arbeidet for å få folk til fyret.
Fyrstasjonen på Flåvær vart oppretta i 1870, med eit leifyr på Varholmen i Herøyfjorden. Stasjonen vart automatisert og avbemanna i 1979. Husa er merkt av forfall dei siste åra, og det hadde vore positivt om fyret hadde fått nye bebuarar.
Foto: Riksantikvaren
Les meir om synfaringa på fyret i ein artikkel i Vikebladet 9. mars.