Venelaget sikrar framtida for Utvær fyr

Hadde det ikkje vore for Vener av Utvær fyr, som vart skipa i 2010, ville neppe Solund kommune fått fornya leigekontrakten med Kystverket.
– Sidan fyret blei automatisert i 2004 har Solund kommune leigd bygningsmassen på fyrstasjonen. Leiga skulle betalast i vedlikehald og då det etterkvart vart eit stort etterslep i vedlikehaldet var det ikkje sikkert at kommunen ville få fornya leigeavtalen, fortel formann i venelaget, Sigve Lerpold..
– For å sikre at Solund kommune skulle få fornye denne leigeavtalen vart venelaget «Vener av Utvær» skipa i april 2010. Vener av Utvær skal arbeide for å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til øysamfunnet. Ved å auke aktiviteten vil venelaget gjere staden meir kjend og tilgjengeleg for publikum. Me har inngått ein driftsavtale på 10 år med Solund kommune og Kystverket.
Dei som sit i styret i dag forutan leiaren er Linda Charlotte Kalmér, nestleiar, Irene Sanden, kasserar, Karl Fredrik Tveit Helgesen og May Britt Steinsøy Kalgraff.
– Kva er vyene dykkar for fyrstasjonen?
– Restaurering av alle bygningane, oppretthalde vertskapsordning i sommarmånadene, sosiale turar og aktivitetar på Utvær for publikum, kanskje tilretteleggje for overnatting på fyrstasjonen, gjere Utvær til ein fyrstasjon som Solund kan vere stolt av! At lokalbefolkninga i Solund ser det verdifulle i Utvær og nyttar det meir enn dei gjer i dag!
EntusiastenLerpold fortel at samarbeidet med Kystverket og kommunen er veldig bra. Kystverket ynskjer at Utvær fyrstasjon skal bli eit eksempel på korleis fyrstasjonane såg ut før eternitt-tida, og snikkar Ove Losnegård er saman med kollega Oddvar Åsnes leigde inn for å ta av eternitten på fyrmeisterbustaden og setje inn vindauge slik dei var då huset vart bygt i 1946.
– Utvær som samfunn har ei unik historie som går heilt tilbake til vikingtida, fortel Sigve Lerpold. Mykje krigshistorie, fyret blei skadeskote av eit engelsk fly frå dei allierte, bygningane sett i brann, nye bygningar rett etter krigen. Å vere med på prosessen med å tilbakeføre bygningane til original stand er spanande.
Det stort å få vere på Utvær og fortelje ei rik historie til eit unikt samfunn er spesielt og flott! Eg er stolt av å bidra til at det vestlegaste fyret i Noreg som tilhøyrer ein liten kommune som Solund, blir som nytt! Utvær er ein fantastisk plass som fortener å bli tatt vare på!

Sigve Leirpold er leiar for venelaget som gjerne vil ha fleire medlemmer.

Utvær er eit fiskevær frå gammalt av, der sjølve fyret har hatt ein sentral plass.