FyrhistoriskForeningEnUnikOpplevelse.Viberaadden.Selfie
Fotograf Sigrid Thorbjørnsen har sete vêrfast på Viberodden fyr i ni dagar (Foto: Sigrid Thorbjørnsen).
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Fotograf Sigrid Thorbjørnsen var på Viderodden fyr i Eigersund for å ta bilde av fyret til fotoutstillinga “Kystens katedraler”. Der blei ho sitjande vêrfast i ni dagar.

Tekst: Monica Lindanger

– Det var heilt fantastisk! Eg har hatt orkesterplass til grisevêret, seier Thorbjørnsen om opphaldet i stormen.
Den svært optimistiske og fyrinteresserte kunstnaren fortel til fyr.no at ho ikkje har lidd noka nød. Det var både mat, straum og varme på fyret, som ligg på ein holme i Eigersund.
– Det har gått mykje i posemat. Toro er fantastisk, ler ho.

– Unike bilde

Thorbjørnsen kom til Viberodden fyr 21. januar for å ta bilde av fyret til utstillinga si “Kystens katedraler”. Ho skulle eigentleg dra tilbake til fastlandet etter fire dagar, men i staden blei ho sitjande på fyret i ni dagar på grunn av storm, før leiar Johan Aakre i Viberoddens Venner kunne henta ho med båt torsdag 30. januar. Tida aleine på fyret brukte ho mellom anna til å ta bilde frå stormen.
– Eg fekk tatt nokre unike bilde, som eg kan bruka i utstillinga mi. Det var ei utruleg oppleving, fortel

FyrhistoriskForeningEnUnikOpplevelse.Viberaadden.IMG 4043

– Eg fekk orkesterplass til grisevêret, seier Sigrid Thorbjørnsen om opphaldet i stormen på Viberodden fyr (Foto: Sigrid Thorbjørnsen).

Thorbjørnsen.
Utstillinga “Kystens katedraler”, med bilde frå 16 norske fyr, har allereie vore å sjå på hurtigruteterminalen i Bergen og på eit galleri i New York. No vil Thorbjørnsen utvida utstillinga med fleire fyr og kanskje gi ut bok.

– Flott måte å sjå Noreg på

Det var på grunn av arbeidet sitt med Lighthouses of Norway at Thorbjørnsen gjekk i gang med utstillingsprosjektet. Ho leverer ein del bilde og tekst til den New York-baserte nettsida. Her kan fyrentusiastar over heile verda bidra og lesa om norske fyr.
– Eg var ute på fire fyr i fjor, og i sommar skal eg ta ein ny runde. Dette er ein utruleg flott måte å sjå Noreg på! Og det er kjekt å invitera på ein skikkeleg fyrferie, seier ho.
Når fyr.no snakkar med fotografen, sit ho på kontoret til leiar Johan Aakre i Viberoddens Venner. Han fortel at turen for å henta Thorbjørnsen gjekk veldig bra, når stormen først hadde lagt seg.
– Dei hadde det jo sånn på fyrstasjonane før i tida. Då blei jo folk vêrfaste, seier Aakre.
Han fortel at Viberoddens Venner no jobbar med å laga ny bru frå fyret over til fastlandet, sånn at vêrfaste fotografar kan koma seg trygt på land i

FyrhistoriskForeningEnUnikOpplevelse.Viberaadden.IMG 3573

Einkvar båt ville blitt knust, om han hadde lege til kai i stormen, ifølgje den vêrfaste fotografen (Foto: Sigrid Thorbjørnsen).

dårleg vêr.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FyrhistoriskForeningEnUnikOpplevelse.Viberaadden.IMG 4191

Vakker soloppgang dagen etter stormen (Foto: Sigrid Thorbjørnsen).