GEITA SØKJER NYE FYRVENER
Geita fyr (Askvoll kommune, Sogn og Fjordane) treng nye fyrvener. Avtalen om utleige mellom Kystverket Vest og Nordisk Kunstnarsenter Dalåsen gjekk ut 31. desember i 2006. Sidan dette tidspunktet har fyret ikkje vore utleigd. Bygningsmassen skal likevel vere i bra forfatning.
Geita fyr ligg på toppen av den vesle øya Instegeita, mellom Værlandet og Sula. Stasjonen vart oppretta i 1897, automatisert i 1980, og avbemanna i 1982. Fyrbygninga av tre har eit lyktehus med høg, spiss kuppel, og elles mange eigenarta trekk. Riksantikvaren har freda stasjonen.
Jamvel om øya ligg etter måten nær land, kan det vere vanskelege landingsforhold, i kontrari ver. Det kan òg vere vanskeleg å ha båt liggjande ved landinga til eikvar tid.
Kystverket Vest har vore noko atterhaldne med å gå ut og leite etter ny leigetakar/forvaltar, men tek gjerne imot førespurnader frå interesserte.