Glimt fra et kvinneliv på Stabben fyr og i Florø
Les om Alfhild Lovise Vasbotten (f. 1888), en selvstendig fyrvokterdatter og historieforteller.
Flora Historielag har publisert flere artikler om fyrfolk i Florø-området. Her følger et utdrag av en lengre artikkel i 2021-utgaven av årsskriftet deres Floraminne.
Frivilleg eksil på Stabben fyr for 100 år sia
Tekst: Tom Steinar Jacobsen
Denne historia har sin bakgrunn i eit middagsselskap som vart avvikla tidleg på våren i den 154 år gamle stova ute på Stabben fyr, der det vart helde eit kåseri som eg på oppmoding hadde tømra saman. Det hadde som tema familien si tiknytning til fyret og det gamle Florø. Hovudpersonen gjennom heile beretninga var frøken Alfhild Lovise Vasbotten, som i mellomkrigstida faktisk budde på fyret i 10 samfulle år, godt 20 år gammal.
[…]
Kåseriet var eit halvferdig hastverksarbeid, men: Jo meir eg seinare grov meg ned i dette stoffet, jo meir opna det seg ei mangfaldig historie som eg fann ut måtte skrivast ned ein gang for alle. Denne litt sære historia sveipar såleis kring folk og hus i det gamle Florø, og er interessant nok – Men eg har vore i tvil om den passar inn i Floraminne, fordi ein mindre del av stoffet strengt tatt ikkje er objektiv historieskriving. Det er også mi subjektive oppleving av alt kring personen eg har så sterkt i minne. – Alt treng ikkje vere heilt sant, om det likevel er sannferdig.
[…]
Eg kjende hovedpersonen Alfhild Vasbotten ganske inngåande fram til ho døydde, då eg var 19 år gammal, og eg brukar det eg hugsar, saman med tillærde historiske kunnskapar og menneskekunnskap, til å dikte inn dei delar av livet hennar som i dag ligg i mørke. Eg har i tillegg drege vekslar på anekdotar som m.a. fleire av oss yngre i familien vaks opp med, og ikkje minst på hundrevis av samtalar eg hadde med henne i mine yngre år. Ho var t.d. i årevis fast gjest til søndagsmiddag heime hos oss.
Mesteparten av opplysningar i beretninga er (så langt råd er) sjekka gjennom kyrkjebøker, folketeljinger, slektshistorie og allereie etablert byhistorie, men inn i mellom har eg som sagt dikta inn sannsynlege samanhengar og fargerike karakteristikkar. Eg antar, så langt eg kan sjå, at det er slik historia sannsynlegvis må ha hengt saman. Men uansett; frk. Vasbotten står seg godt i denne forteljinga nett som ho var: Ei modig dame med stort intellekt, og som opp gjennom livet tok omsorg for dei rundt seg, det vere seg både menneske og dyr…
Nesten sjølvopplevd
Dagleglivet på Stabben for 100 år sia er sjølvsagt gløymt og gøymd i historia sin mørke kjellar, sjølv om mykje av det som her blir fortalt, hende berre rundt 30 år før eg såg dagsens lys. Men eg har likevel i alle år hatt ei merkeleg kjensle av å ha vore til stades der ute under dramatiske omstende. Kordan kan dette ha seg? – Det heile er nemleg for meg nesten sjølvopplevd, fordi det er knytt til eit tidsvitne – den gangen sitjande lys levande på ein stol like ved meg. Eg var 14 år og av natur ganske dramatisk anlagt, og saug til meg kvart eit ord som den gamle kom med.
Dette skjedde på kjøkenet i eit anna gammalt hus – inne i ytre Strandgata i Florø. Mennesket dette handlar om – så vel som huset ho budde i – er begge gått or tida for ein liten mannsalder sia. Det dreier seg altså om frøken Alfhild Vasbotten og det gamle «Hopen-huset» i ytre bydel, nærare bestemt Strandgata 24, tvers over gata av det som vi gjerne huskar som «Apen» sitt glasmagasin. Den gamle frøkena oppheldt seg i mi tid store delar av kveldane på det gamle fargelause og nedslitne kjøkenet, rullande og røykande sine feite, struttande sigarettar av «Gul Mix 2». Ho var vel under denne seansen sjeldan heilt sober, men snøvla likevel aldri når ho snakka – og snakka gjorde ho uavlateleg. Men den gamle var godt oppdradd, og hadde stil.
For at ikkje alt no skal utvikle seg utan rot og fot til eit håplaust samansurium, må vi faktisk halde oss der bak i tida, og trekke frem eit par kjensgjerningar. «Tante Alfhild» var tanta til mor mi, ei lita, men modig og rappkjefta kjerring, vide kjend for sine utspekulerte svar, og aldri opprådd for uhyrlege påstandar til gagn for seg, sitt og sine. Ho hadde nok vore ein strålande skrankeadvokat… Min beste kamerat, som også var til stades denne kvelden eg no fortel om, vaks sjølv opp eit kort steinkast utafor dette huset; eit hus som var reist i 1867, noko som i seg sjøl er denne historias merkverdige tilfeldigheit: Nemleg same året som dei første kasta frå Stabben fyr splintra nattemørkret; «fast med 3 formørkelser» som det hette i Fyrlista. Midt i blank sektor ga dette trygg segling på èin og same kurs, dvs. så omtrentleg rettvisande aust/respektivt vest, like inn og ut av Florø hamn – presis som i dag, meir enn 150 år seinare.
[…]
Siste eigar av Hopen-huset
Den som levde lengst av barna i Hopen-huset, var den yngste dattera. Ho heitte Marie, var fødd i 1880, og var tante Alfhild si yngste tante. Marie likte å synge og tralle heile sitt lange liv. Ho hadde ei klokkeklar mørk sopran-stemme heilt til det siste. Ho døde barnlaus, og visna godt tilårskomen vekk av kreft i ei lita seng inst i kabinettet mot hagen. Tante Alfhild pleide den kreftsjuke, og eg måtte som 4-åring følge mor mi i ein slags sjukevisitt der ute i Hopen-huset, medbringande eit bind eller to av Gyldendal sitt konversasjonsleksikon. Bøkene skulle brukast for å få stadfesta eit nøkkelord i eit Ekspert-kryssord ho tante Alfhild brukte å sende inn. Om ho ikkje fann det rette ordet, lagde ho eit ord som likna, og her var det ingen rom for kompromiss. «Vi sa «birk»! kunne ho rope ut, sjøl om tresorten som til overmål skulle ha 5 bokstavar, ikkje var å finne i dei store bokverka, og ikkje passa inn med andre ord loddrett. Men «Birk» blei det, og ferdig med det.
Gamle avkrefta Marie ville gjerne ha oss småungar opp i senga til seg. Då heldt ho oss fast inn til seg, for som Hamsun skreiv en gang: «Ingenting er som å bli pustet på av det levende liv.» Så sang ho gamle barnesanger, stille men aldri falsk, som denne her (utgjeve 1848):
«Liten ekorn sad
på en gren så glad,
pusset snuten sin
med en labb så fin.
Dens små unger tre
hadde ly og le
i det store gamle furutre.»
Dette var skillingsviser for dei minste, og ekorn-mor blir slukt med hud og hår av ei morderisk ørn, det blir dramatikk og tristesse for dei 3 små ekorn-barn, men så er Gud kjærlig og god, skaffar på uforklarleg vis små pelsfrakker til far og dei 3 små. Kort sagt: Alt ender hjerteskjærande godt i siste vers:
«Det er kaldt, men nå
har de frakker på.
Pels er godt å ha.
Kulden ler de a`.
Pels i brunt og grått
kler dem like godt
som når far sin nye frakk har fått.»
Dette gjorde eit sterkt inntrykk på eit opent men forvitent barnesinn, eg huskar songen og den vemodige stemninga den dag i dag. Jau, jau ho var saktens flink med unga, den gamle…..
Så gjekk åra der i gata, ho Marie hadde møtt sin Skapar, og eg og kompisen hjalp den gamle frøken Alfhild sånn dann og vann med litt ved-saging, diverse ærend, og rydding i villnisset av ein hage mot Markegata.
Tante Alfhild fortel
Inn i mellom dei korte øktene fekk vi kvar vår krakk langs kjøkkenbenken, ein hjortebakkels frå ein halvmeterhøg kakeboks, og kvar sitt Dura-glas med Solo. No var det klart for den scenevande dama sine vanvittige historier. Ho hadde kokekaffien klar, tok fram Nyco-flaska med 60, og blanda 50/50 med kaffi. Så spurte ho om vi ville ha ein dram før ho begynte å fortelje, men stoppa brått, heldt inne, og ville vete kor gamle vi var blitt?
– «Å bare 14. Nei, vent med å drikke brennevin dagleg til dokke e 30. Det gjorde eg, for det sa Dr. Skridshol til meg. Han ga meg forresten òg eit par-tre andre gode helseråd:
1. Drikk ei teskjei med Jod kvar dag,
2. Sky vanilje som pesten og
3. Held bare fram med å røyke, men rull alltid dine sigaretter sjøl. Om du må få andre til å hjelpe deg: Slikk alltid på sigarett-papiret med di eiga tunge.»
Så kunne endeleg underhaldninga ta til, og dette blei ofte ei heil seanse. Det vi begge sat og venta på, var historier frå Stabben fyr. Ho Alfhild var ein kunstnarnatur, hadde årevis vore amatørskodespelar og dikt-kåsør i gamle «Fram», då ho var medlem av «Florø Dramatiske Klubb». Alt ho fortalte var som utrolege eventyr, ho laug skamlaust om alt som kunne lygast om, og fantasien rundt det ho hadde opplevd hadde så å seie ikkje grenser, sjølv frå eit isolert liv på ein liten holme ute i leia. Ein heimvendt uteseglar ville ha kome til kort.
Sakførerkontorist
I Folketeljinga for Florø i 1910, som 21-åring, figurerer ho med yrkestittelen «Sakførerkontorist». Med denne praksisen på rullebladet, viljesterk og usedvanleg kjapp i hue, strauk ho til Bergen og fekk truleg jobb i eit sakførarfirma der inne. Det kan ikkje dokumenterast, men det vart sagt, og mykje tyder på det, at ho gjorde eit godt inntrykk på bergensarane. Ho hadde kanskje eit godt og sjølvstendig skjøn, men som alltid var ho nok eigenrådig, og stod på sitt. Dette var ein eigenskap som tilhøyrde hennar karakter, ho var alltid rask å konkludere i ei sak. På denne tida flaut store pengesummar temmeleg fritt rundt i desse miljøa. Ein må her merke seg at dette var midt i den såkalte «jobbetida» under og rett etter 1. verdskrigen, då millionar skifta eigarar over natta, og i shipping- og assuransekretsar var dette særleg vilt (jfr. Erik Grant Lea sin sjølvbiografi «Fra gull til grønne skoger»).
Kan hende såg ho saker og ting her inne som ho ikkje skulle sjå, kan hende var ho noko uvøren med kommentarane. I alle fall må ho ha vore utsett for eit visst press. Vi veit ikkje sikkert, men det vi veit er at ho ein kveld rundt 1920 gjekk om bord i nordgåande Hurtigrute, og kom til Florø før sola rann neste morgon. Men her hadde ho inga nær familie buande, så her kunne ho ikkje slå seg til. Derfor må ho etter kort tid ha praia ein færing på hamna, og fått skyss ut til Stabben fyr. Der kom ho på ein måte heim, faren Andreas Vasbotten var nyutnemnd fyrmeister her ute, og han og mora rådde grunnen aleine. Kona hans Andreas, ho Bolette, var for øvrig datter til Madam Hopen.
Ho Alfhild oppheldt seg deretter inn på 10 år nærast inkognito her ute, etter seiande i eit frivillig eksil i perioden 1920 til 1930. Ei dame i sin beste alder slo seg altså ned på den mest einsame plassen ein kan tenkje seg her ute i Sunnfjord. Ein må ha lov å stille seg spørsmålet kor frivillig det eigentleg var?
Drama på Stabben fyr
Så eit par typiske Stabben-historier i form av tildragelsar ho hevda å ha opplevd i desse åra, framstillt der på kjøkenet slik eg huskar det. Ho fortalde:
Ei sein vinternatt i 1922 med nordvest orkan, snøtjukke og eit holvande hav som braut seg inn frå Hellefjorden: Ho Alfhild sat under parafinlampa og stoppa på faren sine ullsokkar. Heile huset rista og skalv når den faste sjøen tok tak i gråsteinsmurane, men dei gamle kaibyggarane frå 1866 kunne yrkjet sitt, og ingen ting vart skipla. Dessutan hadde steinarbeidarar bygd ein baug av stein mot Hellefjorden etter første vinteren, då sjøen reiv opp muren. Men brått vart dette noko heilt anna: Eit valdsamt brak lydde, etterfølgt av ei umiskjenneleg gnuring av stål mot stein, Det var som om heile holmen vart bomba, og alt som ikkje var spikra eller bolta fast fòr veggimellom. Ho Alfhild vart slengt ut av lenestolen. Ho braut opp døra til det utvendige galleriet på lesida, og fekk orientert seg litt etter kvart. Eit svært dampskip låg på vestsida og hogg ned i berget.
Seinare påsto ho at delar av den faste hammaren mot nordvest vart smadra, slik at ingenting likna på det som var. Ein del av mannskapet hadde prøvd å setje ut ein livbåt, men båten blei knust og folka hamna i sjøen. Ho Alfhild sprang ned i det små naustet på lesida og henta hiveliner, redningsbøyer og taukveilar, og med litt hjelp av faren berga ho «ein masse folk». Det var først ut på natta, etter at ho hadde teke seg av dei såra og halvt ihelfrosne, at ho oppdaga at stoppe-nåla sto rett gjennom venstrehanda…
Og vidare: Ein førejulskveld kom ho til og tenkje på at dei ikkje hadde skaffa seg juletre, for det var storm og kuling veka på tamp. «Ein dag når postmannen vår – han Peder på Ånnøyna – kom oppunder med ein sekk med julepost, ropte eg til han at han skulle ta ein baut og segle så nær steinkaia som muleg. Eg sjøkledde meg og slengde meg om bord akkurat til rett tid. I Florø kjøpte eg ei flott, rank gran, kom meg i seksringen med han Peder, og ute med Stabben stod han far klar med to liner med redningsbøyer; Ei for frøken Vasbotten og ei for det flotte treet. Så blei det julekveld på Stabben i år òg»….
På Grasskjeret, like aust for fyret var det ei bergklungre framfor ei hole med litt jord, gjødsla av all måseskiten, og faktisk med litt livd for nordvesten. Her anla frøkena ein kjøkenhage med poteter, gulerøter og litt kålrot. Lengre inn på holmane sette ho ut eit par utegangarsauer, så hadde ho litt ull og karde og spinne. Pal og torsk var det nok av i straumen langs fleene, så var dei nesten sjølhjulpne store delar av året. Kem sa at dei var hjelpelause her ute?
I 1930 var faren ferdig med tenesta som fyrmeister, og vart pensjonist. Då flytta ho Alfhild og foreldra inn til Florø, og fekk seg ei kjellarleilegheit hos Ulriksen, nedafor den nye Brannstasjonen i Hans Blomgata. Der budde og pleide ho tante Alfhild begge foreldra heilt til dei sovna inn i 1944.
Fanatisk dyreven
Ho var forresten kjend for å vere ein temmeleg fanatisk dyreven. Alle kattar i nabolaget, tame som ville, fekk halde til i bislaget mot hagen, og somme tider fekk dei vere inne på kjøkenet. Ho mata dei jamleg, og ein skarp eim av kattepiss prega heile huset. Det fekk så vere, desse dyra var hennar nære vener.
Når tyskarane bygde ut Meieri-kaia, brukte dei russiske og franske krigsfangar, og tyske arbeidshestar. Både unge og vaksne Florø-folk hadde ilt av sjå fangetoget subbe seg fram og tilbake gjennom bygatene på veg til og frå fangeleiren i Havre-neset, og mange kasta matpakkar og røykesild til fangane i stolne stunder. Ho tante Alfhild brydde seg visst ikkje så mykje om det, men om ho såg at tyskarane vannskjøtta gampane, eller kanskje slo dei med ein tauende, vart ho rasande. Då marsjerte ho rett inn på kontoret til Ortskom-mandanten på Florø Hotel, sint som eit lemen, og forlangte ei forklaring på raude rappet. No viste det seg at Kommandanten var «Bauer» sjølv og svært glad i hestar, og marsjerte derfor «gerade» innover gata etter frøkena, og ba ho peika ut to av syndarane. Tante Alfhild fortalde stolt at begge to same dag vart ført opp på ei liste for transport til Austfronten, nix meir Florø for resten av krigen, og mest truleg til den sikre død. Men hestane fekk det truleg lite grann beire, og for ho var det det viktigaste.
I 1944 gjekk det mot slutten for begge foreldra, og dei trengte ro og kvile døgnet rundt. Det gjekk òg dårleg for vernemakta, og kanskje for å stive opp moralen marsjerte dei rundt i gatene søndag ettermiddag mens dei kraftfullt song «Deutchland, Deutchland, uber alles» og «Wir fahren gegen Engeland». Ho Alfhild på nytt ut til Kommandanten, og forlangte at dei holdt seg vekke frå Hans Blom-gata. Han forstod seg ikkje heilt på gatenettet, men gjekk sjølv med ho til ein av offiserane, med ordre om at Fraulein Vasbotten skulle gå føre ei runde og vise veg kor dei skulle marsjere og ikkje marsjere. Då trippa ho foran tyskaren med målvetne skritt, opp og ned gater, til ho fekk det som ho ville. Folk på søndagstur i gatene var i sjokk, men tante Alfhild var ikkje så lite stolt etterpå.
Ut på 50-talet flytta ho inn i Hopen-huset for å pleie tanta, Marie Hopen, som var den siste gjenlevande livsarvingen til huseigar Madam Hopen. Arveoppgjeret etter at Marie fall frå, vart ikkje helde før på 80-talet, nærare 10 år etter tante Alfhild sjølv gjekk bort. Ho nekta tydelegvis å flytte ut, og budde vidare i huset så lenge ho kunne greie seg, utan å vere rettmessig eigar. Dette grensa til ein husokkupasjon, men 25–30 arvingar spreidd frå USA til Høydalsfjorden makta ikkje å samle seg for å ta eit skikkeleg buoppgjer. Ikkje før fotograf Are Fjellestad kom på bana og kjøpte huset, vart det ordna opp. Han sleit seg nesten ut på å finne fram til dei 27 arvingane, men han kom i mål, og dette vart då slutten på det 120 år gamle Hopen-huset. Han bygde så eit nytt liknande hus på dei gamle murane.
På sine gamle dagar, tidleg på 70-talet, måtte frøkena flytte ut av Hopen-huset og opp bakkane til Gamleheimen, men ho var enno vital og lett til beins, og hadde sine prosjekter. Ei interesse ho dyrka, var å spele bridge med familien og ein del eldre kjenningar. Då kunne det vanke både kaffi og cognac rundt bordet, og ho tok for seg av det som vart servert. Bridge-partia kunne vare til oppunder midnatt, og ein sein kveld måtte ho purre ut nattevakta på Gamleheimen for å kome seg inn. Denne likte dette dårleg, og gav den lett frimodige frøkena ei skarp moralsk reprimande i døra. Dette fall ikkje i god jord hos tante Alfhild, sakførarlogikken kom fram, og ho treiv dama kontant i kragen, mens ho utbraut:
«Frue, De skal være klar over èn ting: De er her på grunn av meg!»
Utdrag fra:
Jacobsen, Tom Steinar. 2021. «Hopen-huset og frivilleg eksil på Stabben fyr for 100 år sia.» Floraminne 2021: årsskrift fra Flora Historielag: s. 62-70.
Gjengitt med tillatelse fra Flora Historielag.