MEDLEMMER

God jul og godt nytt fyrår!

Christmas-Lighthouse-For-DownloadsDet nærmar seg jul og eit nytt fyrår. 2015 blir eit innhaldsrikt år med landsmøte og landsmøteseminar i Bodø, meir pengar til kulturminne over Statsbudsjettet, Friluftslivets år og kultuminnedagar i nabolaget.

Landsmøte og landsmøteseminar

I 2015 er det igjen tid for landsmøteseminar i godt samarbeid med Kystverket og Kystverkmusea med tilhøyrande landsmøte for foreininga. Denne gongen er det region Nordland sin tur til å ta imot oss. Dette vil skje i Bodø helga 17.-19. april. Me er i forhandlingar med Skagen Hotell og Landegode fyr. Meir informasjon kjem over nyttår, men hald av helga allereie no!

Bruk nettsida vår!

Mesteparten av informasjonsarbeidet til NFHF skjer via heimesida vår. For å vera ei best mogleg kjelde til god informasjon, er me avhengige av bidrag frå dei engasjerte fyrvennene våre rundt omkring i landet. No skal fyroversikta på nettsida oppdaterast. Dette treng me di hjelp til. Gå inn og sjekk "ditt" fyr. Er det noko i teksten som bør oppdaterast og utfyllast? Trengst det eit nytt bilde? Send oss gjerne det du har av informasjon og bilde til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
I tillegg håper me at fleire vil nytta seg av forumet vårt. Der kan medlemmer og andre fyrinteresserte diskutera aktuelle saker om fyr og fyrhistorie.

Statsbudsjettet 2015

I forslaget til statsbudsjett som blei lagt fram i oktober såg det mørkt ut for kulturvernet. Det blei mellom anna foreslått eit kutt på 40 millionar i støtte til vaksenopplæring gjennom studieforbunda. Dette blei etter hard mobilisering frå mellom anna Forbundet KYSTEN og Norges Husflidslag reversert. I det nye forslaget blir det i tillegg løyvd 15 millionar meir til Kulturminnefondet. 3 millionar blei også lagt til den totale potten som blir gitt i driftstilskot til frivillige organisasjonar under Klima- og miljødepartementet. NFHF har etter fleire års søknadar ennå ikkje kome inn på denne posten. Me håper dette snart vil snu.
NFHF har dei siste åra søkt og fått løyvd pengar frå posten i Statsbudsjettet som heiter Kystkulturmidlar. I budsjettet for 2015 blei Kystkulturmidlane flytta frå Samferdselsdepartementet og inn under Kystverket sine driftsmidlar. NFHF håper denne flyttinga vil ha ein positiv effekt for oss. Kystverket og Kystverkmusea er som kjent nære samarbeidspartnarar av oss, som har god kjennskap til verksemda vår.

Branntryggleik er viktig

NFHF ønskjer framover å setja førebygging, ansvar og rutinar for branntryggleik på agendaen. 1. oktober blei store delar av Prestøyene fyrstasjon i Brønnøysund totalskadd i brann. Dette er ein tragedie både for eigar og norsk kystkultur, og NFHF vil oppmoda alle våre medlemmer til å vera forsiktige med eld og reiskapar som kan skapa eld. Dei kjære kystkulturminna våre ligg gjerne langt til havs med lite tilgang på vatn. Me har ingen fyr å mista!

Les meir om brannen på Prestøyene her

Nesten 100.000 i momskompensasjon

Ei fin julegåve i år er 97.000 kroner i momskompensasjon fordelt på sentral- og lokalledda i Norsk Fyrhistorisk Foreining. Dei tildelte pengane vil bli betalte ut til lokalledda som søkte snarast. Det var i år berre fire venneforeiningar som søkte om momskompensasjon gjennom oss, og me håper at det til neste år blir mange fleire! Momskompensasjonen er ei kjærkommen ordning for frivillige organisasjonar.

Les meir om momskompensasjonsordninga her

Friluftslivets år

2015 blir det tredje "Friluftslivets år" i Noreg. Tema er "Små turar gir store opplevingar", og kulturminne er i fokus. Kjernen i Friluftsåret blir lokale aktivitetar i regi av ulike organisasjonar, lag og foreiningar, i tillegg til nokre nasjonale markeringar. I 2015 kjem nærmiljøet til å vera eit viktig satsingsområde. Friluftslivet skal vera enkelt og tilgjengeleg, og aktivitetane vil spegla dette. Bli med!

Les meir om Friluftslivets år her

Kulturminnedagane

Temaet for Kulturminnedagane 2015 er klart. Det blir "Nabolag: menneske, kulturminne, historie".
I år blir alle arrangørar oppmoda til å fokusera på sitt eige nabolag med historia, menneska, aktivitetane og dei fysiske kulturminna som finst der. Det å kjenna si heilt lokale historie er viktig både for personleg identitet og lokalsamfunn. I kvardagen gløymer ein fort skattane i nærmiljøet, og Kulturminnedagane skal vera eit høve til å visa dei fram. Kulturminnedagane 2015 blir arrangert 12.-20. september i regi av Kulturvernforbundet.

Les meir om Kulturminnedagane her

Ha ei riktig god jul og eit godt nytt fyrår!

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 83 gjester og ingen medlemmer på besøk.