alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

 Gunder Runde vaks opp på Grasøyane fyr og Runde på Sunnmøre. I ein artikkel i bladet ”Jul på Sunnmøre” i 1996 fortalde han om oppveksten på fyret, og livet på ”ein kringflødd holme”. Artikkelen ligg no under LESESTOFF på denne nett­sida, for dei som er interesserte i fyrhistorie. Vi minner elles om at vi gjerne tek imot liknande fyrminne (trykte, utrykte eller handskrivne), for utlegging på nettsida.

 

Grasøyane fyr (Ulstein kommune, Møre og Romsdal) vart oppretta som innseg­lings­fyr i 1886. Kystverket har som vist nytta det urette namnet Grasøyane på fyret. Som Gunder Runde gjer merksam på, er Grasøya den rette nemninga. Øya er gras­vaksen, i motsetnad til den nakne Skjervøya like ved (truleg av ordet skjerv ’naken berggrunn’).

Fyret på Grasøya vart automatisert og avbemanna i 1886. Området er fuglefreda, og det er forbod mot landgang og ferdsel på land i tida 15. april – 15. august.