alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Mange menneske har mange minne frå fyr, anten etter eit arbeidsliv, eller gjennom oppvekst eller frå besøk. I nokre høve vert det ei bok av slike minne, i andre høve kjem det ei lita forteljing eller ein liten artikkel. 

På nettsidene til NFHF (under NYTT og LESESTOFF) vil vi etter kvart leggje ut stutte lesestykke, frå lokalhistoriske tidsskrift eller andre kjelder. Vi ber òg om at folk som kjenner til slike forteljingar eller artiklar, tek ein kopi (eller scannar) og sender til styret. Vi tek også gjerne inn artiklar og forteljingar som ikkje har stått på trykk. Den fyrste artikkelen av dette slaget har vi no lagt ut under LESESTOFF. Artikkelen handlar om folket på Feisteinen fyr. Den vart trykt i julenummeret i 1932 av bladet ”For Bygd og By”. [”For Bygd og By” var eit nynorsk vekeblad som kom ut 1912 -1932. ] Forfattaren er Solveig Steinnes-Lone.