Fyra står for fall! Det var utfordringa då elektronikken toga inn og trengde folket ut. Eigentleg starta automatiseringa med fyrlyktene alt sist på 1800-talet. Men med elektronikken akselererte utviklinga frå 1970-talet, og i 1994 var det bare att 30 bemanna fyr av dei opphavleg 209. Store kulturhistoriske verdiar sto for fall.

På dei bemanna fyrstasjonane sette fyrvaktarane æra si i å halda bygningar og teknologi i topp stand. Dagleg vedlikehald hindra vind og væte i å få tak i treverk og betong. Brotne glas, rusta rekkverk og sundslege panel blei utbetra før større skade kunne skje.

Kring 93 prosent av alle dei norske fyrstasjonane grodde fram i hundreåret 1830 – 1930. Dei var eit viktig element i nasjonsbygginga i same perioden og representerte eit tungt løft for ein fattig nasjon. Fyra viste veg til velstand. Difor såg politikarane då seg råd ikkje bare til å reisa fyra, men også forsyna dei med dei siste, aktuelle teknologiske nyvinningane.

Kring 1990 sto me ved ein krossveg: Skulle me i vår velfødde velstand lata desse stortenkte byggverka som er eit viktig fundament for heile vår velstand i stikken? Kva omdøme ville då komande generasjonar gje oss?

Verneplan for fyr

Framtenkte folk kom då saman for å hindra det trugande forfallet. I 1991 gjekk Kystverket i eit nært samarbeid med Riksantikvaren for å utarbeida ein landsdekkande plan for freding og vern av fyra. I Vest-Agder blei det laga ein bruks- og verneplan, og langs heile kysten dukka det opp små grupper av friviljuge som mobiliserte til vern om fyra sine: Struten, Rødtangen, Stavseng, Jomfruland, Lille Torungen, Grønningen, Oksøy, Songvår, Lindesnes, Lista, Eigerøy, Obrestad, Tungenes, Geitungen, Ryvarden, Stabben, Kvannhovden, Alnes, Villa, Myken, Nyholmen og Skomvær fyr for å nemna nokre.

Kreativiteten var stor for å gje fyrstasjonane ny bruk: Galleriverksemd, utstillingar, seminarstader, feriestader, overnatting, diktarstover, representasjonsbygg for næringslivet og klubbhus for dykkarklubbar. Ved eit høve var det jamvel på tale at ein MC-klubb skulle få leiga ein fyrstasjon til klubbhus!

Ambisjonane og ressursane varierte ein god del. Men ein veikskap var at det var svake kontaktar dei i mellom og med aktuelle institusjonar og fagmiljø. Internasjonalt fann fyrvernarbeidet tidleg ein møteplass i organisasjonen IALA, der ikkje minst norske deltakarar kom til å spela ei drivande rolle.

Ein del av panelet på seminaret 1995. Frå venstre Knut Robberstad, Danckert Monrad-Krohn og Svein Ording (Foto: Bjørn Melleby).

Fyrvener finn kvarandre

Av dei lokale miljøa var Lindesnes og Tungenes fyr mellom dei mest aktive. Begge stader fanst det ambisjonar om å etablera eit nasjonalt fyr/kystmuseum etter ein meir tradisjonell modell. Fyrst i 90-åra tok entusiastar frå ulike fyrmiljø til å besøka kvarandre. Hausten 1994 kom såleis ein delegasjon frå Lindesnes fyr på besøk til Tungenes fyr. Tanken var å etablera eit samarbeid, ikkje minst med målsetjing å få på plass eit fyrmuseum.

Ut frå dei ulike fyra sin funksjon, plassering og trong til vern gjekk ein over til å tenkja seg ein museumsmodell der kvar fyrstasjon kunne definerast inn ut frå sin eigenart og slik at dei fungerte som ein heilskap.

Som ei forlenging av desse tankane melde også tanken seg om ein nasjonal nettverksorganisasjon for fyrhistorisk interesserte. Det var eit klart behov for å utvikla både ein nasjonal møtestad og eit talerøyr for koordinering og formidling av fyrhistorisk vernearbeid.

For å fylgja opp desse tankane, kom Jon van der Eynden (Lindesnes fyr), Birger Lindanger (Tungenes fyr) og Danckert Monrad-Krohn saman i Oslo eit par veker før jul 1994 for i fyrste rekkje å planleggja eit seminar for fyrhistorisk interesserte. Parallelt blei også den fyrste fyrhistoriske årboka førebudd i regi av Randaberg kommune/Tungenes fyr.

Status og strategi for norske fyr

Resultatet av arbeidet blei seminaret Status og strategi for norske fyr på Tungenes fyr og Fyrhistorisk årbok, begge delar i juni 1995. På seminaret vann tanken om ei fyrhistorisk foreining fram, og ein sette avslutningsvis ned ei arbeidsgruppe som i tillegg til dei tri overnemnde også blei supplert med Bjørn Mellevy frå Kystdirektoratet og distriktsdirektør John Erik Hagen frå Kystverket. Den siste fungerte som leiar for gruppa.

Arbeidsgruppa førebudde dels arbeidet mot ei nasjonal fyrhistorisk foreining, dels neste seminar som blei halde i Svolvær sommaren 1996. Dette seminaret drøfta mellom anna arbeidet vidare og særleg etableringa av ein landsorganisasjon. Det blei då mellom anna halde fram at ei slik foreining burde vera friviljug og ideell og ha som si hovudoppgåve dels å vera ein pådrivar i arbeidet for bevaring av verneverdige fyrstasjonar, dels arbeida for dokumentasjon og formidling av norske fyr og dels å fungera som ein koordinator i det fyrhistoriske arbeidet.

Sekretariatet tenkte ein seg knytt til Tungenes fyr, som òg skulle ha det redaksjonelle ansvaret for fyrårboka. Vidare skulle foreininga ha som utfordring å arrangera seminar over tema som er aktuelle i vernearbeidet for fyr og gje fyrhistoriske miljø og venneforeiningar assistanse i sitt virke for bruk og vern av fyr.

På vegne av Villa fyrs venneforening leverer Ellen Bjørkedal Østvik ei gåve til ordførar Olav Sande i Randaberg som vert for samlinga. Framme frå venstre John Erik Hagen og Helge Schelderup (Foto: Bjørn Melleby).

Mot konstituering

På seminaret blei det sett ned eit interimstyre med Birger Lindanger som leiar og koordinator, Stein Malkenes (Kvannhovden) som informasjonsansvarleg, Ansgar Gabrielsen (Lindesnes fyr), Kari Øvsthus (Alnes fyr), Jonny Storvik (Vågan kystlag) og Egil Larsen (Tungenes fyr). Det blei også knesett at det skulle leggjast opp til eit tett samarbeid med Forbundet Kysten, og Jon van der Eynden blei vald til å representera Forbundet i interimstyret. Danckert Monrad-Krohn, John Erik Hagen og Bjørn Melleby sa seg viljuge til å fungera som ei støttegruppe for styret.

Interimstyret arbeidde så i tråd med dei føringane som blei gjevne på seminaret.

Attåt var det utfordringar på fleire frontar: Aktuelle fyrpolitiske oppgåver, profilering av det fyrhistoriske arbeidet generelt og med organisasjonsbygging av den nye foreininga spesielt. Sjølve hovudoppgåva var å planlegga og å gjennomføra seminaret og det konstituerande landsmøtet på Lindesnes fredag 22. til søndag 24. august 1997.

Samlinga på Lindesnes var ein suksess, eit nytt styre med Stein Malkenes som leiar blei vald og med fordeling av oppgåver som trongst for å få til ei fungerande foreining. Dessutan kom vedtektene på plass, og det blei også skaffa ressursar til sjølve drifta. Norsk Fyrhistorisk Forening var ein realitet!