Laurdag opnar utstillinga «Familieliv på fyr» av Janne Robberstad i Bømlo Kulturhus. Kunstutstillinga Familieliv på fyr var til i samarbeid med Kystverksmusea og Lindesnes Fyr.

– Eg er oppvaksen på ei øy, der generasjonar har arbeidd til sjøss, og fyra har vore ein sjølvsagt og livsnødvendig del av kvardagen for å halda folk trygge. Det var likevel fyrst då eg kikka i arkivet til Kystverksmusea at eg skjønte at fleire av fyra vart drivne som små familiebedriftar. Lyset skulle sjølvsagt alltid lyse, så det var nok av oppgåver for både fyrvaktaren, kona hans og borna, fortel Janne Robberstad som står bak utstilllinga.

På Lindesnes var det fleire fyrfamiliar, her dreiv ein til og med eigen skule for ungane som budde her. Ved fleire andre fyr var det kjøkenhagar, høns og gjerne ei ku for å supplere til kosthaldet med friske grønsaker, egg og melk.

Som ellers i historia er det gjerne dei store begivenhetane som får mest fokus. Eg er opptatt av den vesle historien. Den smålåtne historia, den som ikkje krev merksemd, som foregår stilt i bakgrunnen. – Kanskje det var difor bileta frå fotoalbumet til familien Vågsvoll, fasinerte meg slik. Desse bileta fortel om kvardagane, dei har ein nærhet til virkeligheten, til det ekte, utan staffasje og utan å romatisera. Eg vil tru livet var både hardt og einsamt, kanskje til og med kjedeleg til tider. Ein var i stor grad avhengig av eigen innsats. I alt frå å halda liv i fyret sjølvsagt, til å skaffa seg middag. Og var ein lei av fisk, ja då hende det at fru Vågsvoll tok med seg rifla og skaut seg ein måse. Og ja, eg har funne ei oppskrift på måse, seier ho.

Dei fleste av bileta i utstillinga er henta herfrå. Dei svart-kvite fotoa fortalde meg historiar som inspirerte. – Eg kolorerte bileta for å levandegjere og aktualisera dei. No kjennes det gjerne ut som om svart-kvit bilete er frå «gamledagar», og det skapa rein distanse, men dette er ikkje så veldig lenge sidan. – Så har eg dikta vidare reint visuelt ved å føye til handmalte teksturar, deler av gamle kart og brev. Bileta er såleis ein kombinasjonsteknikk som eg kallar digital fotocollage. Her er ein blanding av gamle og nye foto, handmaling og  funne objekt som er sett saman digitalt.

Robberstad skildrar seg sjølv som ein fargerik maksimalist, og kanskje som ein visuell historieforteljar. –  Eg tek utgongspunkt i det verkelege, men freistar å forsterke kjensler og stemningar gjennom bruk av farge og tekstur.

Det er 23 bilete i utstillinga som er direkte knytt til fyra, desse er alle trykt på aluminium, med tanke på at dei skal kunne stillast ut på fyr utan å ta skade av til dømes litt fuktige rom. Utstillinga har vore vist ved Lindesnes fyr, Ryvarden kulturfyr, Kystmuseet i Nord Trøndelag, Sunnmøre Museum, Leirvik fyr, Rælingen kunstforening og Lemvig fyr i Danmark. Utstillinga er aktuell no ved Bømlo Kulturhus, der den blir vist i regi av Bømlo kunstlag i samarbeid med Moster 2024.

Utstillinga vert opna av professor ved USN i historie og religion Anne Irene Risøy. Ho har og eit foredrag i biblioteket kl 14 med tema: Familieliv frå vugge til grav. Utstillinga et eit samarbeid med Moster2024.