Fyrvokter Gunnar Gundersen med kona Åsta, sønnen Bjørn og datteren Oleif helt til venstre. Foto: Privat (fotograf ukjent).

Da Ulvesund fyr hadde 150-årsjubileum, ga fyrvertinne Sølvi Helén Hopland Aemmer ut bok om fyret, fortidens og dagens fyrfolk og deres plass i bygda. Det hele skildret med stor varme. Les et utdrag om fyrfamilien Gundersen og deres gode liv på fyrstasjonen med den lune frukthagen.

Fyrvaktar Gunnar Gundersen

på Ulvesund fyr 01.07.1959-09.07.1974

Tekst: Sølvi Helén Hopland Aemmer.
Alle bilder: Privat (ukjente fotografer).

– Far min strikka for å halde seg vaken om nettene. Det starta medan han var fyrvaktar på Fugløykalven i Troms. Han strikka flotte kofter og gensarar, som ham kom heim med. Vi kallar dei Fugløykalvgensarar. Vi ungane syntest det var litt pinlig at han strikka. Og så begynte han å brodere, og det var endå verre, ler eldstesonen Gunder Runde.

Det er sønene Gunder og Bjørn, naboen Rita, mine foreldre Liv og Oskar Hopland, og mi tante Maria, samt tidlegare nabo på Hjertenes, Gunvor Hjertenes, som har fortalt det eg har funne om Åsta og Gunnar. I tillegg hugsar eg ein del sjølv. Gunder og Bjørn og dei andre søskena var her og hadde slektsstemne. Bjørn gifta seg også her på fyret i 2011.

Gunder Runde og fruen på besøk på Ulvesund fyr, i samtale med Sølvi og Liv.

Runde

Åsta og Gunnar kom frå Runde. Gunnar var fødd i desember 1905 på Runde, og var ein av dei yngste i ein syskenflokk på elleve. To av søskena døydde tidleg. Åsta (f. Flø) vart fødd i juli i 1905, på Flø i Ulstein. Ho hadde fire systre. Dei gifta seg på Runde i 1927. Dei bygde då hus på heimegarden til Gunnar, og han dreiv med fiske. Åsta var heime med dei mange som kom til; Sollaug (fødd i 1927, døydde berre 10 månader gamal), Synnøve (1929), Oleif (1935), Gunder (1937), Arne Olav (1939), og til slutt attpåklatten Bjørn (1951). Åsta var nesten 46 år då ho fekk han Bjørn. Den nest yngste var tolv år då.

Fyrmester Gunnar Gundersen og hans kone Åsta.

Grasøyane og Fugløykalven

I 1938 vart Gunnar assistent på Grasøyane fyr. Heile familien flytta dit, unntatt ho Synnøve, som gjekk på skule på Runde, og budde hjå ei tante. I 1946 flytta familien tilbake til Runde, samstundes som Gunnar fekk jobb som fyrmeister på Fugløykalven fyr i Troms fylke. Då reiste han åleine. Det var kun ein liten fjellknaus langt ute i havet, og ikkje plass til ein familie. Der var han i tretten år, til i 1959. Han var heime berre om sommaren, og annakvar jul. Bjørn vart fødd medan Gunnar budde i Troms. På Runde budde resten av familien på garden som bror til Gunnar dreiv, og Åsta hadde ansvaret for borna, hus og heim, og dessutan for dyra, mjølkinga og hesjinga.

Til Ulvesund Fyr

I 1959 flytta Åsta, Gunnar og Bjørn til Ulvesund Fyr. Bjørn var eigentleg ikkje kjend med far sin då. Då var Bjørn åtte år gammal, og dei andre syskena vaksne og etablerte. Dei hadde også åtte sauer. Dei leverte ull frå desse i Måløy.

Bjørn reiste frå venene sine på Runde, men fekk nye venner her. Han byrja i 2. klasse på Ulvesund skule. Dei var fire som var jamngamle, og på heile skulen var det 10-12 elevar på den tid.

Ulvesund skule 20. mars 1961.

Ulvesund Fyr var ein særs gjestfri heim i Åsta og Gunnar si periode. Ho Åsta hadde alltid noko godt å by på. «Åsta-kaka» var berømt, og dei sprø kringlene, som ho på sunnmørsk kalla «klengre», går framleis under namnet «Åsta-klengre». Ho var med i kvinneforening i bygda, og oppskriftene hennar har gått vidare. På festane i skulehuset var Åsta og Gunnar alltid aktive. Gunnar leia ofte festane, og Åsta var kaffisjef og spelte trøorgel. Den grå, fint bølga hårmanken og det smilande fjeset, saman med den store kaffikjelen, var stadig å sjå i matluka nede i skulen på alle tilstelningar.

Kvinner fra bygda samlet på Ulvesund fyr.
Et av bildene fyrmester Gunnar Gundersen broderte.

Gunnar hjelpte til i bygda med saueklipping og slakting, blant anna. Han bøtte også garn til andre, for han brukte ikkje garn sjølv. Han likte handarbeid, både strikking og brodering.

Åsta var også veldig flink med handarbeid. Både ho og tante Maria strikka for butikk i Bergen ein periode, og dei vart svært gode veninner. Dei var nokolunde på same alder. Åsta hadde eit lurt triks for å få nøstene til å ikkje surre seg i hop eller trille rundt på golvet, som ho lærte tanta mi; ho la kvart nyste oppi eit lite spann. Særleg praktisk var dette når ein strikka gensarar med mange fargar.

Tante Maria brukte å bli invitert til å plukke seg raude stikkelsbær den dagen det var valg og ho hadde vore i skulehuset og stemt. Då vart ho att på fyret og plukka til langt utover kvelden. Heime laga ho masse stikkelsbærsaft og -syltetøy. Det var mange som fekk plukke bær der, ho Åsta klarte nok ikkje å nytte alt. Det var jo berre tre personar i husstanden. Dei hadde nok frysar frå midten av 60-talet, slik at det då vart lettare å konservere bæra. Sjølv hugsar eg at eg fekk vere med tante Maria og mor mi til fyret, med bøtter og spann, og plukke rips så lenge vi orka. Åsta bydde på saft, kaffi og kaker ute i solveggen, og stemninga var idyll og sommar og fred og trivsel. Låtten sat laust mellom dei vaksne damene. Det er eit barndomsminne eg aldri gløymer, og som er ein av grunnane til at eg i dag driv Ulvesund Fyr. Det var så godt for meg å vere der. For tante Maria var det kos og fred og ro og avslapping, god prat og god mat. – Det var det jo alltid på fyret, seier ho.

Bærplukking i fyrhagen på Ulvesund.

Ofte henta Åsta og Gunnar tante Maria i Osmundsvåg med bilen, så ho fekk vere med til Måløy og gå på kafé. Ein koseleg ettermiddag i ny og ne, der dei fekk gjort litt ærend og hygga seg.

Gunvor Hjertenes frå Bergen kom til Hjerteneset i 1950. – Eg var veldig mykje her på fyret, fordi Åsta vart veninna mi. Bjørn var like gammal som eldste datter mi, så ho Gunn og han Bjørn leika mykje i lag. Gunn, Bjørn og Nils i Ura var konfirmert same dag. Eg mjølka og hadde kyr, og Åsta kjøpte mjølk av meg. Sjølv var eg her veldig mykje og plukka bær. Eg hadde ikkje bærhage sjølv. Her var rikeleg av kirsebær og rips og stikkelsbær og solbær. Åsta sylta og safta mykje. Kirsebær sylta ho også. Ho tok tak i stilken og drog steinen ut med den.

Åsta og Gunnar brukte inngangen ved lykta, unntatt ved heilt spesielle anledningar då mange var inviterte, då brukte vi inngangen nede. Når Åsta dreiv kjøkenet, hadde ho eit svært kjøkenbord. Dei hadde kikkert i vinduskarmen. Vi sat ofte her og prata. Åsta prata sånn at når eg var i ferd med å gå, kunne ho bli ståande ein halvtime attmed døra før eg kom meg ut. Åsta strikka og broderte fantastisk mykje.

Marie Hopland er på besøk hos Åsta Gundersen på Ulvesund fyr.

Åsta var utadvendt, levande og kvikk i replikken. – Ja, både ho og han Gunnar var alltid i godt humør og hadde mykje humor, hugsar tante Marie. Men Åsta var også beskjeden på eigne vegne. Til dømes gav ho raskt beskjed når ho kom på besøk til tante Maria, om at ho ikkje skulle ha mat. «En ting seje ej, me ska`kje ha mat». Men så hadde tante Marie krokankake, så ho lagde til kaffi og sette kaka fram, og då miste Åsta all motstandskraft og sa: «Neimen, he du ei sleke gode kake?» «Ja, so vart du no fyst attåt bordet likevel», terga han Gunnar. Ho var ein skikkeleg kakemons. «Ej he no alltid vore ei sleke søtekråke», sa ho sjølv då ho hadde fått konstatert sukkersykje. Det var vel litt vanskeleg for henne å venne seg til å unngå søtsaker, seier tante Maria.

Åsta Gundersen danser med sønnen Bjørn.

Storesystra til ho Åsta sa om henne: «Ho Åsta e ei spræne». Ho var så redd alt mulig, redd for kva folk ville seie. Ein gong sat han Gunder og bladde i albumet, og der mangla eit bilde frå bryllupet til sonen Bjørn, eit flott bilde av ei stolt og bunadkledd mor som fekk ein dans med brudgommen. Men berre hjørna stod att i albumet. – Du mor, kvar er bildet av deg og han Bjørn som dansar? spurde Gunder. Då fekk han til forklaring at presten var på besøk her om dagen, og av frykt for kva han skulle meine om at Åsta dansa, fjerna ho bildet før han kom.

Vegarbeid

Tidleg i Åsta og Gunnar si periode på Ulvesund Fyr, heldt vegvesenet på med vegbygging rett nedanfor fyret. Min far var med på dette arbeidet. Åsta var redd då. Dei dreiv med skyting og sprenging. Det kunne vere farleg for lykta. Ein stein spratt opp og traff rekkverket rett utanfor lykta ein gong – elles gjekk det utruleg nok bra. I glede over at vegen snart skulle verte ein realitet, hadde Gunnar kjøpt seg bil, som stod parkert på Hjertenes. Før jul i 1965 hadde dei kjøpt ein halv gris som dei skulle lage juleribbe og sylteflesk av. Dei henta den sjølve med bilen, men då dei måtte parkere bilen på Hjertenes, hadde dei eit svare strev med å få grisen heilt bort til fyret. Det var til dels snø, grov pukk, vegarbeid, humper og generelt uframkommeleg. Dei skildra dette sjølve, med stor innleving, og det bringa mykje snakk og latter i bygda i lange tider.

Fyrvesenet på inspeksjon

Ein gong pr. år kom Fyrvesenet, som det heitte då, på inspeksjon. Det var stor stas i heimen. Men for Åsta var det den store skrekken når sjølvaste Fyrdirektøren skulle komme. Alle var engasjerte, dei pussa og vaska, og Åsta var verst. Etterkvart som ho vart ferdig, jaga ho vekk ungane, dei fekk ikkje trakke her, og ikkje der. Det glinsa og skein. Sosekjøt stod på menyen, det skulle ikkje vere noko kvardagskost til direktøren! – I gamle dagar gjekk enkelte fyrdirektørar med kvite hanskar og drog fingrane over dørlistene, fortel Gunder. – Ingeniøren som var med, var litt mindre skummel, men bare hakket under. Kvar gong dei var reist, sank Åsta ned i stolen, sukka utslitt og sa: «Åh – heldigvis eit år til neste gong!» Ho hadde stor respekt for autoritetar. Ho blei terga med at inspektøren sikkert var «like under Kongen». Ho fekk sjølvsagt aldri noko påtale frå verken inspektør eller direktør – alt var såre vel på Ulvesund Fyr.

I boka «Fyrentreprenørene – fyrhistorisk årbok 2002» skriv tidlegare «inspektør» Kjell Viken om korleis det var å komme rundt til ulike fyrstasjonar i landet:
«På alle fyrstasjonane var det stor gjestfriheit når nokon kom på besøk. Dei vart svært glade for å få nokon å prate med, for det var ikkje kvar dag det var gjester på stasjonen. Ein kunne faktisk kjenne lukta av nysteikte vaflar så snart ein var komen på landingskaret. Spesielt vil eg trekke fram to fyrfamilier: fyrmester Gundersen og kone på Ulvesund Fyr, og fyrmester Skaar og kone på Værøy fyr.»

Mot slutten

Sauene fekk vere med Åsta og Gunnar til Runde då dei pensjonerte seg i 1974, og flytta heim til huset sitt på Runde.

Åsta Gundersen med sauene.

Mi tante, Marie, var besteveninne med Åsta, så lenge Åsta levde. Etter at dei pensjonerte seg og flytta til Runde, reiste tante Maria fleire gonger på besøk til dei, og dei kom også hit på besøk. Dei prata også stadig på telefon. Åsta og Gunnar ville ikkje legge seg inn på kjende, så dei leigde hytte i Almenningen, og fór rundt og besøkte alle kjenningar, blant andre tante Maria, Gunvor og mine foreldre.

Tante Maria fortel om ein gong dei var på middagsbesøk hjå henne, og så skulle dei vidare på Hjerteneset på kaffi. Dei var jo så populære, alle ville ha besøk av dei. Ho og Åsta blei ståande i stovedøra og prate, då dei eigentleg var klare til å gå. Gunnar var gått ut. Dei var seint ute. Praten i stovedøra tok si tid, dei blei ståande der. Til slutt skar tante Maria gjennom og sa: «Du får bare gå. Vi blir ikkje ferdige likevel.»

Åsta låg mykje på sjukehus og plagdest mykje dei siste åra. Blant anna hadde ho brystkreft, hjerteproblem og slag. Ein gong datt ho fram av senga fordi ho ikkje ville bry pleiarane ved å dra i snora når trekken frå vindauget plaga henne. Det var typisk henne. Ho skulle ordne opp i det sjølv, og ramla ut av senga og braut armen. Åsta hadde stor rettferdighetssans. Ho hadde laga 12 bunader, og frå sjukeshussenga tenkte ho ut korleis dei skulle fordelast. «Den skal ha det og den skal ha det…» Alt skulle vere i orden.

Ho hadde nettopp fylt 85 år då ho døydde, 16. juli 1990.

Han Gunnar døydde brått like over jul eit halvt år etterpå, i januar 1991. Han var relativt frisk heile vegen, men tapte seg mykje etter at Åsta gjekk bort, og trengde mykje tilsyn.

Gunnar og Åsta Gundersen.

Utdrag fra:
Aemmer, Sølvi Helén Hopland. 2020. 150 år med Ulvesund fyr: 1870-2020, s. 108-112. Ulvesund: Eget forlag.
Gjengitt med tillatelse fra forfatteren.

Kjøp boken som artikkelen er hentet fra!