Vinterdugnad på Ulla
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ullafyrets venner har kalla inn til dugnad for å føreta nødvendig oppussing av fire rom: to stover, kjøkkenet og gangen i fyrboligen. Desse var sist måla på 80-talet, og var difor måla i nokså skarpe og ”grelle” fargar. No i 2010 blir dei måla om att i dei autentiske fargane Kystverket brukte å kjøpe inn til måling av opphaldsromma på fyra.

Det har møtt godt med folk på dugnadane som har vore kvar laurdag, oftast har det vore mellom 8 og 12 personar som har møtt.

Oppussinga skal vere ferdig til sesongstart, som etter tradisjonen er Palmesøndag. Då skal fyrboligen stå klar med lyse, lette og nyoppussa rom for å ta imot gjestane i sommarsesongen.