Runde fyr som skinnande ny

Runde vestlandsnytt nettI heile sommar har fagarbeidarar frå Litauen, snikra, måla og kalka dei freda steinhusa ved Runde fyr. No er dei ferdige med restaureringsarbeidet for i år. Det har kosta om lag tre millionar kroner.

Tekst: Josefine Spiro, Vestlandsnytt
Foto: Oddmar Remøy

– Restaureringsarbeidet har gått veldig bra, både for arbeidarane og turistane. Vi har ikkje fått ei einaste klage. Det seier Oddbjørg Remøy i hyttekomiteen for turisthytta ved Runde fyr. Ho har besøkt plassen med jamne mellomrom gjennom heile sommaren, hovudsakeleg for å sjekke at alt er som det skal vere på den vesle turisthytta. Samtidig har ho blitt kjend med arbeidskarane frå Litauen, som har budd på loftet i turisthytta i 2,5 månader.

Betre kapasitet

– Dei er veldig trivelege karar og gjorde eit flott arbeid, seier Remøy.
Fordi arbeidarane har budd på loftet i sommar, har det vore mindre kapasitet enn normalt på turisthytta.
– I tillegg nyttar vi regnvatn, og det har det vore lite av i sommar. Men no er det i orden, og vi har betre kapasitet til gjestane våre, seier Remøy.

Feirar 250 år

Både tak, veggar, glas og dører i dei gamle, freda husa frå 1826 er restaurerte utvending. Det har kosta om lag tre millionar kroner. Til neste år vonar Kystverket å få midlar til å gå laus på dei resterande bygga: smia, naustet og «nyehuset». Runde fyr vart etablert i 1767, og kan dermed feire 250 år i 2017. Målet er at bygningane skal stå fram som nye innan den tid.

Sjå heile saka i Vestlandsnytt her

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 312 gjester og ingen medlemmer på besøk.