NYTT LIV PÅ LEPSØYREVET

altKystverket Midt-Norge starta sommaren 2011 restaureringa av fyret på Lepsøyrevet, etter grundige førebuingar. Då hadde fyrbygninga stått tom i fleire tiår, med attmura vindauge. Som opptakt til rehabiliteringsarbeidet gjekk Kystverket ut i media og etterlyste fotografi som synte korleis dei gamle vindauga i bygninga såg ut. Artikkelbildet (Kystverket v Bjørn Relling) viser tårnet under arbeid.   

Det første fyrlyset på Lepsøyrevet vart tent så tidleg som i 1856. Noregs første fyrskip, sluppen «Enigheden», vart oppankra på søraustsida av det grunne revet. Eit større skip erstatta det fyrste i 1867. Fyrskipa viste seg å vere dyre i drift, og det vart vedteke å byggje eit fast fyr. Fyrstasjonen på land på austsida av revet vart oppretta i 1879, med fyr og bustad for fyrvaktarfamilien i ei betong­bygning ytst ute på ein 220 meter lang molo. I 1956 vart stasjonen avfolka.

Venegruppa «Lepsøyrevets Fyrvenner» er stifta. I ei nettmelding frå februar 2012 fortel dei at dei nye vindauga no er på plass, og at huset er oppussa innvendig. Dei ser fram til å gå vidare med det innvendige rehabiliteringsarbeidet.

 

Foto: Riksantikvaren

alt

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 62 gjester og ingen medlemmer på besøk.