Kysten skal dokumenterast

Utsira EH

Kystverket har i samarbeid med kystverkmusea i Noreg starta eit arbeid med å dokumentere kva kysten og Kystverket har hatt å bety for utviklinga av landet, melder avisa Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik.

Dette prosjektet skal vere ferdig til 200 årsmarkeringa av Noreg som eigen nasjon. Roald Sporstøl er prosjektleiar for arbeidet på Sunnmøre.

Frode Pilskog frå Fyrmuseet i Dalsfjorden og Håvard Haraldson Hatløy ved Herøy Kystmuseum vil fredag kveld orientere om dette arbeidet i Bygderadio Vest, lokalradio for Søre Sunnmøre.

På Sunnmøre er det Flåværleia som skal dokumenterast, saman med fire andre losområde mellom Lindesnes og Finnmarkskysten.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 50 gjester og ingen medlemmer på besøk.