Tungenes taakelur 2001M HE
Tåkeluren (t.h.) på Tungenes fyr får køyrt seg på opningsdagen for sommarsesongen på fyret. Foto: Heidi Eikremsvik
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Er du ein som aldri får nok av å høyre på den pensjonerte lyden av tåkelur, kan du ta turen innom Tungenes fyr i Randaberg sundag 23. juni.  Frå klokka 12.00 og utover vil duren gå ein gong i timen.

Medan du ventar på neste runde med luren, kan du bli med på guida tur rundt i fyret eller ein sving innom Sjøbruksmuseet. Ny attraksjon her er eit akvarium. I kafeen på Tungenes fyr er det kunstutstilling med arbeid av Annlaug Auestad over tema «Fyrfargar i februar«.

Heidi Eikremsvik