RundeRiksantikvaren
Runde fyr ligg på den mykje besøkte fugleøya Runde. Klikk for større bilde
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ålesund og Sunnmøre Turistforening tok for 10 år sidan Runde fyr i bruk som turisthytte, og har no gjort avtale for 10 nye år med Kystverket, som eig fyret.

Turistvert Oddbjørg Remøy fortel til avisa Vestlandsnytt at Runde fyr har gjennom åra fått ein høg status blant turistar, og framstår i dag som eit av dei mest besøkte turistmåla til turistforeninga. Med dette fyret flytta DNT seg i 2003 frå fjellet til sjøen, og mange var litt spente korleis dette ville gå, fortel ho. Talet på overnattingar har auka jamnt og trutt, med ein topp i fjor på 1600 overnattingar. Dei kan notere seg gjester både frå Kina, Japan og Tasmania, men sjølvsagt flest frå Noreg og nærområda.

For å kome til Runde fyr må ein gå over ei fjellstrekning på fugleøya Runde, lengst vest i Herøy kommune. Førre sundag feira dei ti års-jubileum på fyret med vaffelkaker og gratis kaffi, skriv Vestlandsnytt.

Heidi Eikremsvik

Runde fyr Tf

Runde fyr, sett frå stien ned frå fjellet. Foto: DNT. Klikk for større bilde