Venelaget sikrar framtida for Utvær fyr

Utvaer dugnad b M

Hadde det ikkje vore for Vener av Utvær fyr, som vart skipa i 2010, ville neppe Solund kommune fått fornya leigekontrakten med Kystverket.

- Sidan fyret blei automatisert i 2004 har Solund kommune leigd bygningsmassen på fyrstasjonen. Leiga skulle betalast i vedlikehald og då det etterkvart vart eit stort etterslep i vedlikehaldet var det ikkje sikkert at kommunen ville få fornya leigeavtalen, fortel formann i venelaget, Sigve Lerpold..

- For å sikre at Solund kommune skulle få fornye denne leigeavtalen vart venelaget "Vener av Utvær" skipa i april 2010. Vener av Utvær skal arbeide for å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til øysamfunnet. Ved å auke aktiviteten vil venelaget gjere staden meir kjend og tilgjengeleg for publikum. Me har inngått ein driftsavtale på 10 år med Solund kommune og Kystverket.

 

Dei som sit i styret i dag forutan leiaren er Linda Charlotte Kalmér, nestleiar, Irene Sanden, kasserar, Karl Fredrik Tveit Helgesen og May Britt Steinsøy Kalgraff.

- Kva er vyene dykkar for fyrstasjonen?

- Restaurering av alle bygningane, oppretthalde vertskapsordning i sommarmånadene, sosiale turar og aktivitetar på Utvær for publikum, kanskje tilretteleggje for overnatting på fyrstasjonen, gjere Utvær til ein fyrstasjon som Solund kan vere stolt av! At lokalbefolkninga i Solund ser det verdifulle i Utvær og nyttar det meir enn dei gjer i dag!

EntusiastenLerpold fortel at samarbeidet med Kystverket og kommunen er veldig bra. Kystverket ynskjer at Utvær fyrstasjon skal bli eit eksempel på korleis fyrstasjonane såg ut før eternitt-tida, og snikkar Ove Losnegård er saman med kollega Oddvar Åsnes leigde inn for å ta av eternitten på fyrmeisterbustaden og setje inn vindauge slik dei var då huset vart bygt i 1946.

- Utvær som samfunn har ei unik historie som går heilt tilbake til vikingtida, fortel Sigve Lerpold. Mykje krigshistorie, fyret blei skadeskote av eit engelsk fly frå dei allierte, bygningane sett i brann, nye bygningar rett etter krigen. Å vere med på prosessen med å tilbakeføre bygningane til original stand er spanande.

Det stort å få vere på Utvær og fortelje ei rik historie til eit unikt samfunn er spesielt og flott! Eg er stolt av å bidra til at det vestlegaste fyret i Noreg som tilhøyrer ein liten kommune som Solund, blir som nytt! Utvær er ein fantastisk plass som fortener å bli tatt vare på!

Sigve lerpold

 

M Overblikk Utvaer

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 81 gjester og ingen medlemmer på besøk.