Fotokonkurranse vårdugnad

Ytre møkkalassets venner foto Atle Leira nettSend oss bilde frå vårdugnad på ditt fyr og vinn ei flott t-skjorte.

Vårtid er dugnadstid, og rundt omkring på dei mange fyrstasjonane skjer oppryddinga for fullt. Norsk Fyrhistorisk Forening er svært interessert i bilde av folk og fyr, og kva er vel eit betre motiv enn glade arbeidsfolk som hjelper til å halda fyra i god stand? Skriv gjerne òg ein tekst om vårdugnaden og aktiviteten på ditt fyr, så kan me laga ei nettsak på fyr.no.

Send bilda, og eventuell tekst, til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. saman med namn på fotograf, adressa di og storleiken din. Vinnaren av fotokonkurransen får nemleg ei flott NFHF-t-skjorte i premie. Dei beste bilda vil bli presenterte på nettsida før sommarferien.

Norsk Fyrhistorisk Forening vil gjerne ha rett til å bruka bilda i andre samanhenger for profilering av foreininga og norske fyr. Det kan vera på nettsida, sosiale medium eller trykksaker. Om du ikkje vil at bildet ditt skal brukast vidare av NFHF, kan du skriva det i e-posten.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 94 gjester og ingen medlemmer på besøk.