Janne Robberstad 1 m
Janne Robberstad har gått inn i fyrhistoriske foto og sett sin koloritt på fyrfolka. Foto: Heidi Eikremsvik
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Kom du over kjentfolk frå fyra i Janne Robberstads vandreutstilling? Bilda er no tekne ned frå veggene i Ryvarden Kulturfyr, og vil bli sett opp på ny på Kystmuseet i Nord-Trøndelag 15. juli og på Sunnmøre Museum 7. september.

Tekst: Heidi EIkremsvik

Frå før er «Familieliv på fyr» vist på Lindesnes Fyrmuseum.

Ved å bruke gamle foto som utgangspunkt, kolorere dei og leggje dei på metallplater, har ho fått «liv» i dei svart-kvite figurane frå fortida. Vi ser at dei var vanlege folk som oss, med lengslar, gleder og oppvask.

Slik har ho henta fram deler av historia og gjennom eit nytt, moderne bildespråk sett fokus på dei litt mjukare verdiane i eit annleis tilvære og eit tøft klima. 

Gle dykk til utstillinga i Ålesund, de som ikkje har sett Robberstad sine bilde. I mellomtida kan de gjeste heimesida hennar her.

Barn paa fyr m

Her har kunstnaren sett farge på barna sin kvardag på fyret.