Andre foto margunn sundfjord npk
SPESIELLE OPPLEVINGAR: Andre Schau i Norsk fyrhistorisk forening meiner det å vera på fyr byr på heilt spesielle naturopplevingar og rettar ein stor honnør til alle frivillige som gjer ein innsats for å gjera fyra tilgjengelege for fleire. Her med Nesodden fyrlykt i bakgrunnen.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

– Mykje av verdien til fyra som kulturminne vil forsvinna viss vi ikkje tek vare på informasjonen om fyrlinsene rundt om i landet, meiner André Schau, fyrentusiast og styremedlem i Norsk Fyrhistorisk Forening.

Tekst og foto: Margunn Sundfjord, Nynorsk pressekontor

Han veit meir enn dei fleste om fyr. Allereie som 16-åring var han med i TV-programmet Kvitt eller Dobbelt om fyr og fyrvesenet i Noreg. Interessa for fyr har ikkje blitt mindre med åra.
Som styremedlem i Norsk Fyrhistorisk Forening ivrar han i dag for å ta vare på fyra langs kysten og for at fleire skal bli kjende med dei.
I samarbeid med Kystverkmusea held han for tida på med eit omfattande registreringsarbeid om fyrlinser i heile landet. I mange fyr er nemleg dei gamle fyrlinsene fjerna eller erstatta med nye automatiske lys.

Biletdatabase

– Arbeidet går ut på å dokumentera fyrlinsene som er flytta og fjerna, kva status dei har i dag og kva som har skjedd. Målet er å laga ein biletdatabase av alle fyrlinsene anten dei står på kontor, ligg på lager, er på museum eller andre plassar.
– Kvifor er det viktig å dokumentera dette?
– For det første er fyrlinsene gammal og sjeldan fransk optikk som ikkje blir produsert lenger. Dessutan er det ingen som har gjort noko med dette tidlegare, difor er det viktig at vi dokumenterer denne biten slik at gjenstandar ikkje kjem på avvegar, men blir tekne vare på for noverande og komande generasjonar, seier Schau, som på frivillig basis har teke på seg det omfattande arbeidet.
Planen er at den ferdige biletdatabasen skal leggjast ut på nettsidene til dei fire kystverkmusea i Noreg.

Vil auka forståinga for fyr

Biletdatabasen skal ikkje berre innehalda bilete, men også ein tekstdel med enkle faktaopplysningar. Målet er å auka forståinga om fyr.
– Fyr har blitt stadig meir populært, og fleire og fleire blir tilrettelagt for allmenta gjennom samarbeid med Kystverket og frivillige. Målet med databasen er å auka forståinga og opplevinga til folk av kva eit fyr er, kvifor dei blei bygde, funksjonen dei hadde og kvifor fyr var så viktige i sjøfartsnasjonen Noreg, seier Schau.
I tillegg til å dokumentera fyrlinsene, har han også laga ein database om tåkesignal – ein funksjon mange fyr hadde i tillegg til fyrlyset.

Hekta som barn

Andre Schau har vore fascinert av fyr nesten heile livet. Det starta då han som tiåring lærte å segla etter sjøkart saman med ein sambuar av mora. Den unge seglaren blei snart over snittet interessert i dei maritime vegvisarane. Han kunne knapt få nok av å lesa om og teikna fyr.
– Det er vel rett å seia at det i ein periode gjekk litt ut over skulegangen, vedgår fyrentusiasten, som har teikna alle fyrstasjonane i Noreg – to gonger.

Ny bruk av fyra

Dei siste førti åra har bruken av fyra endra seg mykje her i landet.
– Frå 1975 byrja ei planlagt nedbemanning av fyra. Nedbemanninga skaut for alvor fart på 1980-talet og heldt fram til byrjinga av 1990-talet, då det gradvis vakna eit behov for å bevara fyra og bruka dei på ein ny måte, fortel Schau.
Kystverket hadde då fått eit stort problem med korleis dei skulle greia å ta vare på alle dei tomme fyrbygningane langs kysten.
– Det beste for ein bygning er å vera i bruk. Noreg har alltid vore oppteken av å verna bygningar på land; stavkyrkjer, herregardar, stabbur og alt slikt. Det er bra, men Noreg er først og fremst ein kyst- og sjøfartsnasjon, seier Schau.
Han meiner interessa for å ta vare på kystkulturen her i landet vakna seint, men godt. Etter at Riksantikvaren i 1997 vedtok den første verneplanen for bevaring av fyr, og Norsk Fyrhistorisk Foreining blei stifta same året, har stadig fleire fått opp auga for dei kulturhistoriske perlene langs kysten.
– Heldigvis har det ikkje blitt rive noko fyr i Noreg sidan 1988, seier Schau, som fortel at det i dag er eit krav at fyra skal koma allmenta til gode når Kystverket kvittar seg med dei.

– Unike opplevingar

André Schau meiner det å vera på eit fyr byr på heilt spesielle opplevingar.
– Alle fyr har sin sjarm. Ingen er like, og nokre har det eg vil kalla ei spektakulær plassering, som kan gje heile unike naturopplevingar, seier han og peikar på at nokre fyr kan gje folk slike opplevingar også utan at dei må bruka båt.
Det er det etter kvart mange som har oppdaga.
– Mange av fyra er i ferd med å bli store turistmagnetar. Lindesnes fyr er Noregs turistfyr nummer ein. Det er både det eldste og mest besøkte fyret i Noreg og har rundt 80.000 betalande turistar kvart år, seier Schau, som legg til at Dyreparken i Kristiansand er den einaste turistattraksjonen i Vest-Agder som kan skilta med høgare besøkstal.