– Vi må slå ring om Ytterøyane

Ytterøyane Roger BarekstenEtter at Ytterøyane fyr vart automatisert i 2004 har det ikoniske fyrtårnet blitt merka av tidas tann. No ønsker ein lokal duo å gje Ytterøyane eit ansiktsløft, skriv Firdaposten.

Tidlegare fyrmeister ved Ytterøyane fyr, som ligg i Flora i Sogn og Fjordane, Brede Gjøringbø, har ytra si uro over forfallet ved fyret.
– Det er forferdeleg trist å sjå fyret forfalle slik det no gjer, sa han til Firdaposten i slutten av november.
Den største utfordringa for bruk av fyret har vore at det ligg i eit naturreservat. Dette gjer at det i månadane april til og med juli er ilandstigingsforbod.
Men no kan det vera håp for fyret. I 2008 laga Hans Jacob Sunde og Stein Malkenes (sistnemnde er medlem og tidlegare styreleiar i NFHF) ei skisse over framtidig bruk av Ytterøyane fyr. Gjøringbøs hjarterop om slitasjen på hans gamle arbeidsplass har ført til at Sunde og Malkenes har børsta støvet av sine gamle planar for det ikoniske fyret. Og det kan no vere aktuelt å gå vidare med prosjektet, om tilhøva ligg til rette.

Les heile saka og sjå bilde av tilstanden på Ytterøyane fyr i Firdaposten.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 158 gjester og et medlem på besøk.

  • And