Kunstnarliv på Skomvær fyr

SkomvaarogmenneskerKunstnar Elin Mar Øyen Vister visste etter mange år i storbyen at ho måtte leva meir i pakt med naturen og vera nær elementa. Då blei Kjerringøy og etterkvart Røstlandet og Skomvær fyr på Røst staden å vera.

Elin Vister er kunstnar og artist. I mange år spela ho på nattklubbar som DJ Sunshine, og siden 2009 har ho brukt mykje tid på å ta opp lyd av sjøfugl og kystkultur i nord. Ho har alltid drøymt om å bu på ei øy, og ho har tidlegare budd både på Kjerringøy og Røst. Øyen Vister skreiv kontrakt med Kystverket og tok over Skomvær fyr sommaren 2013.
– Det er mykje kystkultur som er i ferd med å forsvinna. Det er viktig kunnskap, som me vil bli med å formidla. I tillegg står mange kulturminne tomme. Det er fint å laga liv og tilby kunstnariske opplevingar på desse, fortel Vister til fyr.no.

Kunstnarverkstad og kunstnarbustad

No har Skomvær fyr blitt eit kunstnarkollektiv, ein stad der kunstnarar kan bu og jobba i ein kortare periode. Elin Øyen Vister er initiativtakar til Røst AIR, som er ei tverrfaglig, kunstnardriven foreining. Røst AIR blei grunnlagt i 2012 av Øyen Vister i samarbeid med Nordland Fylkeskommune og Kystverket. Foreininga blir i dag styrt av Røst AIR arbeidsgruppe, som består av Øyen Vister, Marie Kaada Hovden, Margrethe Pettersen, Jason Rosenberg og Mathias T. Hatleskog. Oppimot seks kunstnarar kan bu og jobba samtidig på fyret, i tillegg til dei frivillig tilsette. Og når det er seminar og workshop, kan kollektivet ta Skomvaar panoramaimot 10 personar. Alle som bur her skal jobba med kunst, bli inspirerte av omgivnadane og naturendringane, og dei jobbar mot å bli sjølvhjelpen, inspirert av fiskarbonden i kystkulturen. Ei rekke kunstnarar frå ulike land har søkt om å få komma til Skomvær, og til sommaren kjem meir enn 10 nasjonalitetar innom fyret.

Sjøfuglebestand i kraftig nedgang

Skomvær fyr blei pussa opp for nokre år sidan. Alle som vil kan komma på besøk, men det er ikkje lov til å slå opp telt i hekkesesongen, av omsyn til det sårbare sjøfuglelivet. Nykan Naturreservat er tilhaldsstad for millionar av sjøfugl i hekkesesongen. Bestandane er i kraftig nedgang. Skomvær er eit lanskapsvernområde, og kunstnarane deler øya med lundefugl, svartbak, toppskarv, teist, rødnebbterner, tjeld, stormsvale, havsvale og ærfugl. Det er først og fremst sjøfuglkoloniane i området og deira «rom» som skapar lydmusikken i Øyen Visters kunstprosjekt «Soundscape Røst». Fiskebåtar og fiskeindustrien spelar òg ei viktig rolle.

Skomvaar blomsterengI pakt med naturen

Gjengen på Skomvær har mange planar for framtida, men dei tar éin ting om gongen. Ein av planane er å laga ei kunstvandring på øya, som skal bestå av fleire element.

– Me ville skapa ei kulturnæring og ikkje ei turistnæring. Me prøver å leva meir i pakt med naturen, dyrkar grønsaker og reiser miljøvennleg, kjøper økologisk mat og fiskar.
Øyen Vister fortel at fyrvaktarfamiliane som budde på fyret tidlegare òg dreiv kjøkkenhage, i tillegg til at dei hadde nokre husdyr og dreiv med jakt og fiske.

Vêrfast

Øyen Vister har tidlegare vore aleine på fyrstasjonen, men ein veit aldri kva som kan skje, så det er greitt å vera fleire, fortel kunstnaren, som har vore vêrfast på fyret i nokre dagar når ho snakkar med fyr.no.
No kjøper ho eit lite hus på Røst og flytter opp i mars. Det kan vera greitt, om ein blir vêrfast på den andre sida.
– Ein lever gjerne eit nomadeliv som kunstnar. På fyret er det opp- og nedrigg kvar vår og haust, fortel ho.

Ikkje eit val

Røst AIR arrangerer og legg til rette for seminar og kurs på fyret, både plante- og lydkurs. Det har dei siste to åra vore til saman 40 kunstnarar på workshop og opphald. Då bur deltakarane på fyret i rundt ein månad.
– Ein får jobba konsentrert her. Kunstnarar har latt seg inspirera av denne staden sidan starten. Ein av dei var Theodor Kittelsen. Det er så mykje spanande å sanse her! Her finn du den største fuglebestanden i Nord-Europa, kval, sel og spekkhoggar, fortel kunstnaren, og legg til at dette livet ikkje eigentleg var eit val for henne:
– Eg får ikkje til å ikkje leva i pakt med naturen.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 188 gjester og et medlem på besøk.

  • And