FOTOKONKURRANSE - FYRBILDE TIL FRAMSIDA

Tida er inne for å skifte ut det flotte vinterbildet av Ryvingen på framsida til fyr.no med eit meir vårleg fyrlandskap - eller kanskje eit uvanleg fyrbilde? I staden for å gå i bildesamlinga til NFHF inviterer vi denne gongen alle fyrvener til å sende inn sitt beste fyrbilde, eller bilde av ”sitt” fyr.

Planen er å ha den nye framsida klar til Landsmøtet 26. mars. Vi set derfor fristen for innsending (av digitalt bilde, til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.) til 22. mars. I tillegg til gleda over å få vise fram eit godt bilde vil vinnaren få ei flott T-skjorte med NFHF-logoen.

 

Dette bildet viser ein bolt, den einaste synlege resten av fyrlyset (fyrgryta?) på toppen av Meløya, Øksnes i Vesterålen. Fotografen er Nina Ellingsve. I lang tid har ein rekna Villa fyr (1839) i Nord-Trøndelag som det første offentlege fyret som vart oppretta nord for Trondheimsfjorden. I eit dokument frå 1804 nemnest ein fyrpassar frå Meløya, og dette kan vere prov på at fyrhistoria i Nord-Noreg er eldre enn ein har trudd.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 90 gjester og ingen medlemmer på besøk.